annonse

Valdagen er her

Har røysta
Har røysta: Kristina Nesse var mellom dei første som tok turen til vallokalet på Svortland skule då dørene opna måndag føremiddag (Foto: Håvard Hammarstrøm)
BVO på vitjing
BVO på vitjing: Bømlo vaksenopplæring har fått opplæring om det norske valsystemet og har gjennomført skuleval. Måndag var dei på vitjing i vallokalet på Svortland skule (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Torkelsen blir registrert
Torkelsen blir registrert: Jan Peder Torkelsen er klar til å bli registrert i manntalet. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Elektronisk manntal
Elektronisk manntal: I år er det for første gang elektronisk manntal. I vallokalet på Svortland skule vart veljarane måndag føremiddag registrerte inn av Randi Andrea Olson Nesse og Inger-Lise Nord (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Dei siste meiningsmålingane tyder på at det kan bli ei svært spennande valnatt. På Svortland skule har det vore ein jamn straum av veljarar etter at vallokalet opna klokka 10 i dag.

Håvard Hammarstrøm

Kristina Nesse frå Leite var mellom dei første som var innom vallokalet etter at dørene opna på Svortland skule i dag. Ho fortel at ho tykkjer det har vore vanskeleg å bestemme seg for kva parti ho ville røyste på.

– Det var veldig vanskeleg, men eg landa til slutt, seier ho med eit smil.

Enkelt val

Ein som ikkje tykte det var vanskeleg å bestemme seg er Jan Peder Torkelsen frå Sæverudsøy. Han seier til Bømlo-nytt at for hans del var valet enkelt. Han smiler når Bømlo-nytt spør kva han har røysta. Det er hemmeleg val, og han har ikkje så lyst til å seie kva parti han har røysta på. Karina Røksund er leiar av røystestyret på Svortland skule.

– Vallokalet heldt ope også i går. Me har hatt eit jamt sig av veljarar, og me håper på eit godt val, seier ho.

Elektronisk manntal

Nytt av året er at det er elektronisk manntal. Røksund seier dei har fått opplæring i korleis dette skal brukast. Bak datamaskina denne føremiddagen sit Randi Andrea Olson Nesse og Inger-Lise Nord. I år kan det bli svært spennande kva parti som klarer å kare seg over sperregrensa, og kvar røyst kan bli teljande med omsyn til kva regjering me får etter valet. Likevel er det mange som vel å ikkje røyste på valdagen. Samstundes er det dei som godt kunne ha tenkt seg å røyste og delta i det norske demokratiet, men som enno ikkje får sjansen.

Skuleval på BVO

Mellom desse er elevar på Bømlo vaksenopplæring. Dei var i vallokalet i føremiddag for å læra om korleis valsystemet i Noreg fungerer. Dei kan altså ikkje røyste i stortingsvalet, men fortel at dei har hatt skuleval.

– Me hadde tre som sat ved datamaskinen og der me registrerte inn røystarane i manntalet. Me hadde også valsetlar som vart stempla før dei vart lagde i urna, fortel Rankeen Zeibar. Valet varte i halvannan time, og 82,5 prosent av dei 109 røysteføre på skulen gav si røyst. Valvinnar her vart Arbeidarpartiet med 68 prosent av røystene. Høgre fekk 12,2 prosent, medan Sosialistisk Venstreparti vart tredje størst på BVO med 7,88 prosent av røystene.

– Me vil alltid ha demokrati, seier ein smilande Redi Youssef. Dei som står rundt han er heilt samde i det.

Ni vallokale held ope i Bømlo i dag. Alle held ope til klokka 2100, med unnatak av Espevær som stengjer klokka 2000. Frå klokka 2100 i kveld kan du følgje resultata frå valet i Noreg, Hordaland og krinsane her i Bømlo på direkten i valsenteret vårt på www.bomlo-nytt.no/val

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.