annonse

Valde å sende utleigesaka direkte til formannskapet

: Ny sak om utleige av skulebygg gjekk ikkje innom utvalet, men i staden direkte til formannskapet for avstemming. Bremnes ungdomsskule er eit av dei bygga som jamlegvert leigd ut. Arkiv (Foto: Håvard Hammarstrøm.)

Ei ny sak om utleigereglar og satsar for skulebygg vart sendt direkte til formannskapet, etter at førre sak vart utsett etter diskusjon om inhabilitet på utvalsmøtet.

Grethe Kjøsnes

Då saka om utleigereglar og satsar for skulebygg skulle handsamast i førre utvalsmøte, vart det mykje spørsmål om kven som var inhabile i saka. Var det slik at dei som er med i lag og organisasjonar ikkje burde sitja og stemma over ei slik sak i utval for oppvekst, kultur og idrett? Mellom anna vart Jalle Bråthen (Ap) utsett for kritiske spørsmål som dagleg leiar i Bremnes Idrettslag og fordi han hadde med seg eksempel på leigekostnader på 17.000 kr som BIL hadde hatt i fjor etter å ha leigd rom i eit skulebygg til eit større arrangement. Dag Helge Hellen (Frp) meinte at han var inhabil og det enda med at saka ikkje vart handsama, men i staden sett på vent medan administrasjonen vurderte spørsmålet om inhabilitet. Det vart ikkje noko ny sak til utvalet. I staden har administrasjonen ved rådmann Geir Aga skrive ei ny sak som vart sendt til formannskapet.

Berre for å samkøyra

Assisterande rådmann Aud Gunn Løklingholm avviser bestemt at dette har noko med inhabilitet blant medlemmene i utvalet å gjera.

- Eg trur og meiner bestemt at grunnen til at me valde å sende ny utleigesak direkte til formannskapet, var fordi den andre saka om utleige av kommunestyresalen skulle opp i formannskapet likevel. Så det har ingenting med inhabilitet å gjera. Dersom denne saka om utleige av kommunale bygg skulle komme opp i utvalet på nytt, måtte eg i så fall ha skrive ei vurdering på kven som er inhabile av utvalsmedlemmene og eventuelt kalla inn varamedlemmer i staden for dei som ikkje kunne handsama saka på grunn av inhabilitet. Men i denne saka handlar det om at formannskapet har overordna sektorovergripande myndigheit i slike saker. Dessutan handlar det om å sjå desse to sakene om utlånsreglar og utleigesatsar for skulebygg og sak om reglement og prisar for utleige av kommunestyresalen i samanheng, forklarer Løklingholm.

Lite rom for skjønn

I sak om utlånsreglar og utleigesatsar for skulebygg, ønskjer rådmannen minst mogeleg høve til skjønn for å sikre at praksis ved prisfastsetjing ikkje vert markert ulikt. Men i ein del situasjonar er det likevel opna for skjønn. Rådmannen vil følgja dette opp etter ei tid for å sikra at ikkje utøving av skjønn gir urimelege utslag eller ulik handsaming.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.