annonse

Vegvesenet skal sjå på problemplass

Farleg
Farleg: Denne bilen heldt seg på høgre side av vegbana og køyrde gjennom dammen så vassføyka stod. Men nokre sjåførar køyrde ut til venstre her like før svingen, og kunne lett ha hamna i trøbbel om nokon kom i mot.

Sist veke, etter mange dagar med ausande regn, rann det nesten over på FV 18, like vest for rundkøyringa i Hollundskjosen.

Randi Olsen

Den store dammen i vegbana førte til at det oppstod farlege trafikksituasjonar når dei som skulle vestover ikkje visste kor djup dammen eigentleg var, og svinga ut i venstre køyrebane for sikkerheits skuld.

Den store dammen samla seg like ved ein skarp høgresving, med mykje trafikk. Mellom anna er det ein del vogntog til og frå Brandasund som brukar denne vegen. Og då Bømlo-nytt stod og fotograferte, var det fleire av bilane som køyrde litt ut på venstre side for å unngå den verste vasspruten på bilen. Heldigvis kom ikkje motgåande vogntog akkurat då, men dei kom både før og etter at personbilane hadde passert vassdammen.

Heller innover

– Me skal ta ein tur og kikka på dette, seier Roger Lemme i Statens vegvesen. Han kjenner ikkje til at det skal vera noko spesiell årsak til at det skal samla seg vatn akkurat der. – Vegen heller innover akkurat der. Det er mange år sidan han vart bygt, så det kan vera at me må setja inn tiltak, ein oppsamlingskum eller noko, for å leia vatnet vekk frå vegbana, seier Lemme. Han opplyser at Vegvesenet skal ha ein runde for å sjå på veg-Bømlo om nokre veker, og då vil dette punktet verta sett på stopp- og kontrollista.

Det er mange som har merka seg vatnet som samlar seg på denne plassen etter store nedbørsmengder. Sist veke var det nett før vatnet rann over vegen og ut i Storavatnet. For dei som ikkje er lokalkjende på vegen her, kan det vera nifst å køyra ut i den store vassdammen. Risikoen er at det kjem ein bil rett i mot gjennom svingen.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.