annonse

Ventar på 99 røyster frå andre kommunar

2.867 BØMLINGAR RØYSTA IKKJE
2.867 BØMLINGAR RØYSTA IKKJE: Berre 50 prosent oppmøte på sjølve valdagen, viser oversikta som valstyret fekk i hende i medan røystesetlane var talde opp. Her ventar politikarane på oppteljinga etter valet i går kveld.

Klokka 17 i dag skal valstyret telja 99 røyster som er gjevne i andre kommunar.

Ingvild Sjo

Først etter klokka 18:00 i dag, tysdag, reknar valgeneral med at valoppgjeret er klart. Då skal slengjarar og personstemmer òg vera klart. Fram til dess held spenninga seg på topp i Bømlo fordi dette kan føra til endringar i mandata.

Følg mandatfordelinga på NRK si oversikt her.

- Overraska

Då oversikta over valdeltakinga kom frå valdirektoratet valkvelden, viste den ei valdeltaking på under 70 prosent. Dessutan at berre halvparten av dei røysteføre i Bømlo gjekk til urnene sjølve valdagen.

Med 50,06 prosent valdeltaking på sjølve valdagen var det grunn til å stussa for valgeneral Jorunn Alise Steinsvåg og resten av valstyret. Medrekna førehandsrøystene på 18,20 prosent kom valdeltakinga totalt opp i 68,26 prosent for årets fylkes- og kommuneval.

– Eg er overraska over at deltakinga kom under 70 prosent, seier Steinsvåg som hadde forventa fleire røyster inn. Avrøystinga har teke tid ute i vallokala, og i tillegg har førehandsrøystinga vore god. Den viste ein auke frå 1.211 i 2015 til 1.644 i år.

– Men det er fleire årsaker til at førehandsrøysting høver for folk på Bømlo. Til dømes reiser mange i arbeidet sitt, seier Steinsvåg. Ho trur òg at folk som alt har bestemt seg er nøgde med å ha fleksible høve til å få unna røystinga slik at dei slepp det i helga. I alle fall har talet på førehandsrøyster stige med 433 sidan sist val.

2.867 bømlingar røysta ikkje i år

Av dei 9033 røysteføre i Bømlo har 6.166 røysta heime, pluss 99 som har røysta i andre kommunar. Det vil seia 6.265 røyster totalt.    

Fordelt på krinsane er oversikta av deii alt talde røystene slik:

Rubbestadneset 67,61 %

1204 veljarar: 211 førehandsrøyster (17,52 %).

Valdagen røysta 603 personar (oppmøte på 50,08 %).

Svortland 66,96 %

2.694 veljarar: 660 førehandsrøyster (24,5 %).

Valdagen røysta 1.114 (oppmøte 42,46 %)

Meling 71,90 %

847 veljarar: 146 førehandsrøyster (19,72 %).

Valdagen røysta 442 (52,18 %).

Gilje 71,66 %

674 veljarar: 146 førehandsrøyster (21,66 %).

Valdagen røysta 337 (50 %).

Våge 68,60 %

688 veljarar: 85 førehandsrøyster (12,35 %).

Valdagen røysta 387 (56,25 %).

Moster 65,51 %

1.702 veljarar: 241 førehandsrøyster (14,16 %).

Valdagen røysta 874 (51,35 %).

Foldrøy 83,24 %

340 veljarar: 56 førehandsrøyster (16,47 %).

Valdagen røysta 227 (66,76 %).

Hillestveit 65,67 %

804 veljarar: 65 førehandsrøyster (8,08 %).

Valdagen røysta 463 (66,18 %).

Espevær 80,88 %

68 veljarar: 10 førehandsrøyster (14,71 %).

Valdagen røysta 45 (66,18 %).

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.