annonse

Ventar på kunstgrasregelverk

KUNSTGRAS
KUNSTGRAS: Fotballbanane på Bømlo har kunstgras. Her frå Våge idrettsplass, ått av Bømlo kommune. (Foto: NILS-TORE SELE)

Kommunen er i dialog med idrettslaga i kommunen om oppsamling av gummigranulat frå kunstgrasbanar.

Nils-Tore Sele

Ordførar Odd Harald Hovland fortel at kommuneadministrasjonen no ventar på forskrifter og regelverk frå Miljødirektoratet om korleis gummigranulat frå kunstgrasbanar skal oppsamlast.

– Når me veit det, vert det enklare å setja inn tiltak. For kommunen sin del gjeld det kunstgrasbanen på Våge som me eig, og Sentralidrettsanlegget sine bane, der me eig 51 prosent, fortel Hovland. Kommunen er også i dialog med idrettslaga på Bømlo rundt denne saka.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.