annonse

Venterommet blir reingjort

Utriveleg
Utriveleg: Reisande klaga på utrivelege tilstandar i venterommet i Rubbestadneset i førre veke. Arkivfoto. (Foto: )

Venterommet på snøggbåtterminalen i Rubbestadneset blir reingjort to gongar i veka.

Håvard Hammarstrøm

Onsdag fortalde Bømlo-nytt om ein lesar som ikkje orka å setja seg på venterommet i Rubbestadneset sidan her var så mykje bos og skit. Han sa at han vart overraska over kor mykje skit det var på golvet, både i sjølve venterommet og på toaletta.

Kommunen har ansvaret

Det vart stilt spørsmål ved om Bømlo kommune har ansvaret for reinhaldet etter ei avtale kommunen inngjekk med Hordaland fylkeskommune for fem år sidan. Fylkeskommunen skulle ta på seg leigekostnadene og straumutgiftene, medan kommunen stod for opning og stenging samt reinhald.

Rådmann Geir E. Aga stadfester at avtalen framleis gjeld.

– Fortvilande situasjon

– Det ska vaskast to gongar i veka. Opning og stenging skjer automatisk, og eg får melding om at det fungerer godt. Me må sjekka om venterommet blir aktivt tilgrisa, eller om det er manglande reinhald frå vår leverandør. Me skal gripe tak i dette, lova rådmannen torsdag. Seinare på dagen kom det ny e-post.

– Dei som vaskar er fortvila over tilgrisinga, og meiner dei gjer godt reinhald to gongar i veka. Eg har ikkje, utan vidare, svar på korleis me kan komme dette til livs, skriv Aga.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.