annonse

Ventilasjonen virka ikkje

VENTA LENGE
VENTA LENGE: Lange køar med bilar venta då Bømlafjordtunnelen var stengd for trafikk tidlegare i dag. (FOTO: HÅVARD HAMMARSTRØM)

Bømlafjordtunnelen var stengd i over ein time tidlegare i dag.

Nils-Tore Sele

Då ventilasjonssystema ikkje slo seg på og gassverdiane auka, vart Bømlafjordtunnelen stengd for trafikk i 11.30-tida i dag. Det oppstod køar i begge endar av tunnelen. Om lag ein time etter stenginga, då eit vedlikehaldslag kom fram til staden og fekk viftene i gang att, vart Bømlafjordtunnelen igjen opna for biltrafikk.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.