annonse

Vigsling på rådhuset

* Formannskapet vedtok nyleg samrøystes at fire personar i Bømlo kommune kan vigsle borgarleg frå nyttår. Dei fire er ordføraren, varaordføraren, rådmannen og organisasjonssjefen. Innstillinga går no vidare til kommunestyret. Normalt er det 10–15 par som giftar seg borgarleg i Bømlo i løpet av eit år.

Varaordførar og KrF-representant Morten Helland ser det som uproblematisk for han å vie par borgarleg.

– Dette er ei lovpålagd oppgåve me får. Det blir spennande, seier Helland til Bømlo-nytt.

– Blir det problematisk for deg som KrF-politikar å vie borgarleg?

– Nei, eg har vore leiar av ein kyrkjelyd som ikkje har vigslerett, og der det har vore par som er via borgarleg og som har fått velsigning i bedehuset etterpå.

– Ser du fram til å vie par borgarleg?

– Ja, det gjer eg, men det blir vel gjerne ordføraren som først og fremst som vier par av oss folkevalde.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.