X-Varnish-Cache: MISS Vil byggja smartaste fiskerihamna i landet
annonse

Vil byggja smartaste fiskerihamna i landet

STORT OG SMART
STORT OG SMART: Fiskerihamna i Langevåg skal bli både stor, smart og framtidsretta, er ambisjonane til utbyggingsinteressentane. ARKIVSKISSE (Foto: )
INFORMERER
INFORMERER: Styreleiar Kjetil Tufteland i Bømlo Fiskerhavn AS. (Foto: NILS-TORE SELE/ARKIV)

+ Torsdag kveld vert det arrangert idemyldringsmøte om fiskerihamnprosjektet i Langevåg.

Nils-Tore Sele

Det er Bømlo Fiskerihavn saman med NMEC og industritanken til Atheno som står bak idemyldringsmøtet. Idedugnaden skal røra seg kring kva interessentane rundt fiskerihamna kan tilretteleggja for framtidsretta arbeidsplassar. Ambisjonen er enkelt og greitt å byggja ut den smartaste fiskerihamna i Noreg.

Ønskjer innspel

Møtet går føre seg i morgon kveld på Bømlo bygdatun. Bømlo fiskerihamn skal byggjast i tilknyting til industriområdet i Hovlandshagen i Langevåg. Når området er planert ut, vil det på land vera eit tilgjengeleg næringsareal på 220.000 rutemeter.

På møtet vil deltakarane som kjem få innblikk i prosjektet og få sjansen til å involvera seg med å komma med innspel i ein tidleg fase. Det er ope for alle som er interessert i prosjektet. Fiskerihamn-selskapet og Industritanken til Atheno oppmodar næringslivsaktørar i heile Sunnhordland om å melda seg på.

Interessant informasjon

På møtet vil styreleiar i Bømlo fiskerihavn, Kjetil Tufteland, informera om prosjektet. Óli Samró, CEO i Farec International vil halda innlegg om fiskerihamner i Europa, der han meiner at framtida til Noreg finnest på Bømlo.

Administrerande direktør Per Sævik i Havila Holding kjem for å snakka om utvikling av fiskeri i samspel med industri, før møtet vert opna for spørsmål og innspel frå salen. Ordstyrar her er Sverre Meling, frå maritimt forum for Sunnhordland og Haugalandet.

Industritanken til Atheno skal vera ein tenkjetank for industrien i Sunnhordland. Her skal det arbeidast med å auka kunnskap og oppslutnad om utvikling av industri i regionen. Industritanken skal jobba med kunnskapsutvikling og -deling, knytta industri og akademia tettare saman, i tillegg til å setja agenda og inspirera.

Industritanken er eigd av Atheno AS, og har blitt ein realitet etter initiativ frå medlemsbedrifter i industri-klynga. Industritanken er først og framst utvikla for medlemsbedrifter og -organisasjonar knytt til Atheno AS.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.