annonse

Vil ha fleire kvinnelege brannkonstablar

Varm i ryggen
Varm i ryggen: Brannkonstablane frå Fitjar, Haugesund, Stord og Bømlo hadde så god kontroll på husbrannen at dei hadde tid til eit lagbilete. (Foto: )
OBS
OBS: Det tok ikkje lang tid får huset var overtent og brent heilt ned. Hugs røykvarslarar og god branntryggleik i huset du bur i. Alle (Foto: Stine R. Rørvik)
Øving
Øving: Heldigvis var det brannøving og ikkje ein ekte husbrann. Det er godt å sjå at me har eit brannvern som kan sakene sine og fungerer så godt. (Foto: )
Fleire damer
Fleire damer: Brannsjef Ove Halleraker ønskjer at fleire damer melder seg til teneste. Journalisten ytst til høgre synest det var stas å få prøva seg i flammane. (Foto: )

Det vart heitt då Bømlo, Fitjar, Stord og Haugesund Brannvern hadde brannøving i Klæret på onsdag.

  • Stine Rimmereid Rørvik

Fylkesmannen hadde gjeve dei løyve til å brenna ned huset, og den sjansen nytta dei godt,

Tilskodarar

Det var gjort ei rekkje brannøvingar inne i huset for røykdykkarar og brannkonstablar før dei tente på heile huset og brann ned.

Husbrannen trekte til seg mange tilskodarar, som synest det var spennande å sjå brannvesenet i aksjon.

Ein som også var til stades var Nils Hus. For han vart det litt spesielt å sjå huset gå opp i røyk.

– Det var barndomsheimen min, og det er spesielt å sjå det brenne ned. Sjølv om det er lenge sidan eg flytta, fortel Nils Hus.

Rekruttering

Det var fire kvinnelege brannkonstablar som deltok, og brannsjef Ove Halleraker seier dei ønskjer at fleire kvinner i troppen.

– Det er berre å rekruttera seg, og det gjera ein med å oppsøkje den lokale brannstasjonane i første omgang, seier han.

Brannsjefen oppmoda også journalisten til å prøve seg som brannkonstabel. Noko journalisten takka ja til.

– Eg har aldri vore heitare, konkluderte underteikna etter enda arbeidsdag som brannkonstabel.

For dei som vil sjå meir ifrå brannøvinga kjem det ein filmsnutt på Bømlo-nytt sine nettsider etter kvart.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.