annonse

Vil ha lokal regulering for vasskuterar

På farten
På farten: Her er tre vasskuterar på veg ut Langevåg. Biletet er teke etter at reguleringa av vasskuterbruken vart oppheva av Regjeringa. (Foto: Geir Einarsen)

Venstre vil ha lokal regulering av bruk av vasskuterar. No skal behovet for ei slik lokal forskrift vurderast.

Randi Olsen

18. mai vart Vasskuterforskrifta oppheva av Regjeringa. Ho forbaud mellom anna bruk av vasskuterar nærare land enn 400 meter. No er det ingen særreglar for vasskuterar, og dei kan brukast som småbåtar elles dersom kommunane ikkje utarbeider lokale forskrifter som regulerer bruken.

I ein interpellasjon til kommunestyret i ettermiddag ber Vanja Espeland i Venstre om at Bømlo kommune startar arbeidet med å utarbeida ei lokal forskrift for å regulera bruken av vasskuter i Bømlo.

Vasskuter er fleire stader i kommunen eit støy- og ferdselsproblem. No vil truleg bruken av vasskuter auka både i omfang og til nye område, og med det støy- og ferdselsproblema. Bruken kan også bli farleg, mellom anna for kajakkpadlarar, heiter i interpellasjonen.

Både på Telemark-kysten og på Sørlandskysten er det alt sett i gang arbeid med lokale forskrifter for å regulera vasskuterkøyring i skjærgården. Bømlo Venstre meiner at Bømlo kommune også snarast må setja i gang dette arbeidet. Kommunestyret bør leggja føringar for kor streng ei eventuell forskrift bør vera, og sikra at det ikkje oppstår konfliktar mellom vasskuterbruk og annan ferdsle og bruk av sjøen.

I eit framlegg til vedtak foreslår Venstre at vurderer å oppretta ei forbodssone for å verna område i nærleiken av busetnad og rekreasjonsområde både til lands og til vanns.

Saka var også drøfta i Naturbruksutvalet for ei veke sidan. Dei konkluderte med at administrasjonen bør jobba vidare for å få meir kunnskap om behovet for ei lokal forskrift.

Både Norsk friluftsliv og Norsk Ornitologiske Forening har sendt brev til kommunane og oppmoda dei om å laga lokale forskrifter som regulerer bruken av vasskuter. Både for å verna friluftslivet langs kysten som bading, padling, roing og segling og for å verna sjøfuglane, der mange artar står i fare for å forsvinna.

Det er mellom anna 10 sjøfuglreservat i Bømlo kommune, der ferdsel i dag er strengt regulert innanfor ei sone på 50 meter.

Randi Olsen

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.