annonse

Vil ikkje at nokon skal døy åleine

VÅKETENESTE
VÅKETENESTE: Carina Johnsen (til venstre) skal vera aktivitetsleiar og håpar mange vil vera med henne i arbeidet. Lokallagsleiar Ann-Kristin Stensen treng minst åtte for å få i gang kurs. (Foto: )

Bømlo Røde Kors vil starta opp med våketeneste i haust. Det handlar om å lindra einsemd i siste fase av livet.

Ingvild Sjo

– Det er ikkje rett at nokon skal døy åleine, seier Carina Johnsen, som er aktivitetsleiar for den nye tenesta. Ho er helsefagarbeidar, og har sett behovet for at nokon er til stades i aller siste fase av livet. Det er ikkje alle døyande som har pårørande som kan sitja hos seg heile tida. Heller ikkje personell ved institusjonane har alltid nok tid til å sitja hos dei som på fagspråket vert kalla terminale.

Bømlo tidleg ute

Det er difor Røde Kors har etablert denne tenesta, som er ganske ny på landsbasis. Bømlo er tidleg ute med oppstart.

– Me håpar me får tak i nok folk som er interesserte til å få i gang ei gruppe på Bømlo, seier lokallagsleiar Ann-Kristin Stensen.

For å få på plass eit godt team trengst minst åtte personar. Desse vil få generelt grunnkurs i Røde Kors, og spesiell opplæring i korleis ein utøver våketeneste.

– Kven kan dette høva for?

– Ein må vera over 25 år, og eigna for tenesta, seier dei to. Det vil seia at ein gjerne vil vera eit medmenneske for andre som er i sårbare situasjonar, både for døyande og for pårørande. Visa omsorg og skapa ro, vera til stades med sitt nærvær, halda i handa, lytta eller samtale ettersom det er naturleg.

– Me vil gjerne ha med oss folk med helsefagleg bakgrunn, gjerne pensjonistar, dei er jo veldig godt eigna, seier Stensen.

Carina Johnsen fortel at i ein travel kvardag er det gjerne ikkje tid til å vera det medmennesket ein helst ville. Ein ville så gjerne gjort meir.

– Men det skal sparast på ditt og datt i helsevesenet, seier ho og trur mange kan finna det meiningsfylt å vera med i våketenesta til Røde Kors. Dei skal ha informasjonsmøte på Røde Kors-huset tysdag innan to veker. Interesserte kan ta kontakt.

Veldig velkommen

Ann-Kristin Stensen har undersøkt om det er behov for ei våketeneste i Bømlo.

– Det er det, og me er ønskte hjarteleg velkommen. Me ville ikkje gjort dette utan, seier ho. All våketeneste vil i starten vera i samarbeid med dei kommunale helsetenestene i Bømlo.

– Me ønskjer å starta varsamt opp denne tenesta og setja opp vaktlister for våkarane etter kvart som behovet melder seg, forklarar dei to, som minner om at Røde Kors har jobba imot einsemd i 150 år og at kjernen i ideologien er kommen frå grunnleggjaren Henry Dunant sin innsats for skadde og døyande under slaget ved Solferino i 1859.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.