annonse

Vil ikkje kjøpe kai

: (Foto: )

* Bømlo kommune er i utgangspunktet ikkje interessert i å kjøpe ei kai på Geitung. Dersom kommunen ville kjøpe kaia ville det vera aktuelt at kommunen måtte betale både for å få utført takst og deretter betale takst for kaia. Rådmann Geir E. Aga sa til formannskapet nyleg at kommunen ikkje har aktivitet på Geitung, og heller ingen forpliktingar som tilseier at kommunen bør overta eigarskapen til kaia som i dag er eigd av Kystverket. Sammy Olsen (Sp) minna om at Kystverket si kai er einaste offentlege kai på Geitung. – Om me endar opp med berre private kaiar der vil det kunne vera eit problem. Er det ein stor eigedom i tilknyting til kaia eller berre sjølve kaia, spurde han. Inge Reidar Kallevåg (H) var samd med rådmannen. – Problemet vårt har helst vore at me har hatt for mange kaiar å vedlikehalde, og fleire av dei har stått i fare for å rase på sjøen. Me skal tenkje oss grundig om før me eventuelt tek på oss ansvar for fleire kaiar. Eg meiner det vil vera eit steg i feil retning, sa han. Olsen svarte at kaia på Geitung er i god stand. Ordførar Odd Harald Hovland (Ap) sa på sin side at det nok var rett å ha is i magen i denne saka. Arkivbiletet frå Geitung er frå 2007 (Foto: Arkiv/Håvard Hammarstrøm)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.