annonse

Vintergrøne planter treng vatn

Godt råd
Godt råd: Har du vintergrøne planter i hagen du ikkje vil mista, må du ut og vatna. Tømm ei bøtte vatn over dei, seier gartnar Ståle Sakseide. Arkiv (Foto: Nils-Tore Sele)

Det høyrest rart ut, men gartnar Ståle Sakseide ber oss innstendig om å gå ut og vatna dei vintergrøne plantene våre. No.

Randi Olsen

Du har kanskje sett at blada på rhododendroen krøllar seg saman mot den iskalde vinden, og trudd at det var nettopp difor den gjorde det? For å verna seg mot kulden.

– Nei, det er fordi den held på å tørsta i hel, seier Ståle Sakseide. Han forklarar at det er fordi dei vintergrøne plantene ikkje får henta vatn frå jorda når det er tele og frost. Og når dei heller ikkje får vatn frå lufta, krøllar dei seg saman før dei tørkar inn og dett av.

– Der som du ikkje vil mista dei vintergrøne plantene, så ta ei bøtte vatn og hell over dei. Vatnet må hellast på bladverket og/eller nålene, seier Sakseide. Vatnet treng ikkje vera varmt, men heller ikkje iskaldt.

Ei aning lunk er greitt, meiner han.

Det er mange typar vintergrøne planter, som rhododendron, sypress, tuja, laurbær og mange andre.

Sidan kulda og minusgradene skal halda seg ei stund, kan me gjerne vatna fleire gonger, seier Sakseide.

Vatninga bør gjerast medan det gjerne er plussgrader i lufta, eller i alle fall så høg temperatur som råd. Er det frysegrader når plantene vert vatna, vil vatnet fryse på blada og det vil føra til frostskadar.

– Så håpar me at det ikkje er for seint å koma med det gode rådet no. Det er synd om hagefolket mister plantene sine, det er aldri kjekt, seier den blide og omtenksame gartnaren.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.