annonse

Vogntog i trøbbel førte til stengt bømlafjordtunnel

Bømlafjordtunnelen
Bømlafjordtunnelen: Bømlafjordtunnelen. Arkivfoto (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Bømlafjordtunnelen var stengt i godt og vel ein halvtime tidleg onsdag kveld.

Nils-Tore Sele

Like før klokka 17.30 kom twittermeldinga frå Vegtrafikksentralen om at Bømlafjordtunnelen er stengt.

Rundt ein halvtime seinare, ca klokka 18.00 kom meldinga om at tunnelen var opna att for vanleg trafikk.

Tunnelen var stengt grunna eit vogntog som har fått stopp, og ein frykta røykutvikling. Utrykkingskøyrety frå brannvesen rykka ut til hendinga.
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.