annonse

Wärtsilä med grøn konferanse

Skipar til ny konferanse
Skipar til ny konferanse: Salsdirektør Cato Esperø, kommunikasjons- og marknadssjef Jane Jünger og General Manager Market Innovation, Egil Hystad, håper på fleire påmelde til dagskonferansen «Future Innovation Day 2018». (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Samhandling løner seg
Samhandling løner seg: Betre samhandling innanfor shipping kan gje både økonomisk vinst og miljøvinst, meiner Esperø og Hystad (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hydrogenstasjon på havet
Hydrogenstasjon på havet: Hydrogenproduksjon med vindmøllekraft til havs. Er dette framtidas drivstoffstasjon for skip? (Foto: )
Wärtsilä tek initiativ
Wärtsilä tek initiativ: Det er Wärtsilä Norway som tek initiativet til nyskapingskonferansen. Frå venstre salsdirektør Cato Esperø, kommunikasjons- og marknadssjef Jane Jünger og General Manager Market Innovation, Egil Hystad (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Innleiarane

Wärtsilä Norway inviterer til nyskapingskonferansen «Future Innovation Day 2018». Målet er ein miljø- og effektivitetsrevolusjon innanfor shipping.

Håvard Hammarstrøm

Kan det byggjast ny og standardisert infrastruktur for landstraum? Kan det etablerast betre system for utnytting av miljøvennleg energi som LNG og hydrogen i skipsfarten? Det er berre to av mange spennande spørsmål til drøfting på Stord konferansesenter i Rutle 26. april.

Sterkare saman

Så langt er over 100 personar påmelde til den nye konferansen «Future Innovation Day 2018». Bak nyskapinga står Wärtsilä Norway. Salsdirektør Cato Esperø fortel om forskarar, representantar frå reiarlag, verft, hamnestyresmakter, lokale og nasjonale politikarar, studentar og andre som har meld seg på. Han ventar fleire påmelde etter kvart som dagen nærmar seg. Alle er velkomne til å diskutere korleis framtidas skipstrafikk og hamnar kan sjå ut.

Den teknologiske utviklinga til sjøs går i ekspressfart. Det er mykje som er usikkert. Det som likevel er heilt sikkert er at skipsfarten ser heilt annleis ut om få år. Det blir i dag gjennomført forsøk med sjølvgåande, autonome skip, styrte via satellitt. Wärtsilä har tidlegare lansert tankar om skipskonvoiar med autonome lasteskip i framtida.

Ikkje science fiction

Det blir også vurdert tankestasjonar for hydrogen til havs, kopla til havbaserte vindmølleparkar. Det blir forska på bruk av metallstøv som drivstoff.

– Dette er ikkje berre science fiction. Mykje av dette er mogeleg å gjera i dag. Me i Wärtsilä trur veldig på elektriske skip. Batteriteknologi har stort potensial, seier General Manager Market Innovation i Wärtsilä, Egil Hystad. Han syner ei skisser av eit vindmøllebasert kraftverk på ei kunstig øy på Doggerbanken og ein sjøbasert tankestasjon for hydrogen. Han syner også til den enorme satsinga på kraft basert på solcelleteknologi, som gjer at mengda solenergi aukar kraftig på verdsbasis i åra framover.

Korleis påverkar alt dette framtidas shippingindustri?

Brytningstid

Wärtsilä meiner det i denne brytningstida er viktig å stogge opp og stille nokre viktige spørsmål.

Kan ny teknologi, datanettverk og betre samhandling fjerne fordyrande mellomledd og gjera shipping både meir effektiv og grønare? Kan godstransport til sjøs samordnast slik at skip får utnytta lastekapasiteten betre og utsleppa blir reduserte?

Kan infrastrukturen på land, godsterminalar, vegstruktur, og eventuelt togstruktur, forbetrast med felles system som er like langs heile kysten? Kort sagt: korleis kan ein skape ei berekraftig næring for framtida?

Det er mange spørsmål å diskutere. Håpet er at «Future Innovation Day 2018» kan bidra til nokre svar. Blir konferansen vellukka kan det bli fleire slike i åra framover.

Sjøkart for grøn kystfart

Kva så med programmet? Konferansen byr på fire spennande innleiarar.

Atle Hamar (V) er statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Han jobbar mellom anna med det som blir kalla Sjøkart for grøn kystfart. I arbeidet med sjøkartet skal ein mellom anna finne svar på nokre av spørsmåla over, og målsettinga er null utslepp av klimagassar frå norsk innanriks skipsfart innan 2050. Hamar skal snakke om det han kallar havets hundreår og regjeringa si satsing mot ein grønare maritim industri.

Matt Duke er Chief Business Processes Officer i bergensreiarlaget Grieg Star. Han skal snakke om korleis nye dataverktøy kan brukast på nye måtar i samarbeid med andre aktørar i shipping-industrien.

Oljeanalytikar og Senior Advisor Sustainable Finance i Nordea, Thina Margrethe Saltvedt, kjem direkte frå New York til Stord for å snakke om vegen til shipping utan utslepp.

Roger Holm er President Marine Solutions og Executive Vice President i Wärtsilä. Han kjem frå Shanghai i Kina til Stord for å snakke om samarbeid og erfaringsdeling på vegen mot det smarte maritime økosystemet.

Tener på samarbeid

Nettopp samarbeid er eit viktig stikkord. På konferansen deltek personar frå verksemder som i utgangspunktet er konkurrentar, men som Wärtsilä meiner kan tene meir på å samarbeide enn å stå åleine. Etter innleiingane blir det paneldebatt leia av Hege Økland i NCE Maritime CleanTech. Deretter blir det workshops, eller gruppearbeid om ein vil. Gruppearbeidet skjer hos Wärtsilä på Heiane. Konklusjonane til dei ulike gruppene blir presenterte i plenum på slutten av dagen.

– Me gler oss og er spente på kva dagen vil bringe. Alt som kjem fram er felleseige blant alle som deltek, strekar Esperø under.

– Skal me skape eit berekraftig samfunn lyt me gjera det i lag og finne retninga saman. Det kan også skape ny industri og nye lokale initiativ. Det er spennande, seier kommunikasjons- og marknadssjef Jane Jünger.

– I ei brytningstid som dette kan me ikkje berre sitje i lukka rom og ikkje dele noko. Det handlar meir om å tenkje kva som er mogeleg enn å tenkje trugsmål. Den som deler mest tener mest, konkluderer Egil Hystad.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.