annonse

Wärtsilä med ny servicekontrakt

: Biletet syner riggen Songa Encourage. Pressefoto.

Wärtsilä har signert ei femårig serviceavtale med Songa Offshore for fire halvt nedsenkbare boreriggar.

Håvard Hammarstrøm

Det melder Wärtsilä i ei pressemelding. Avtala gjeld fire Cat-D halvt nedsenkbare boreriggar som opererer i Nordsjøen. Riggane har Wärtsilä-motorar og thrustarar om bord. Serviceavtala tyder at Wärtsilä vil overvake systema og motorane om bord i sanntid for å sikre optimal yting og oppetid, heiter det. Kontrakten inneheld også vedlikehandsplanlegging og inspeksjonar.

Heilårsdrift

Dei fire riggane det er snakk om er Songa Equinox, Songa Encourage, Songa Endurance og Songa Enabler. Dei er alle utstyrte med seks Wärtsilä 32-motorar. To av dei har seks FS3500 thrustarar, medan to har seks FS3510-thrustarar. Riggane er designa for å kunne operere året rundt under tøffe tilhøve.

- Me er svært glade for å ha vunne vår første langsiktige avtale med Songa Offshore, uttaler salsdirektør i Wärtsilä Norway, Cato Esperø.

- At motorane og thrustarane er til å lite på, og det at me har sanntidskunnskap om den faktiske tilstanden til utstyret, er kritisk for drifta vår, uttaler Geir Arne Rolland som er vedlikehaldsansvarleg i Songa Offshore.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.