annonse

11.000 i symjehallen

Parstup
Parstup: Silje M. Welander og Synne Drægi, den siste på ryggen til den fyrste, til dei er ute i lufta. Etter opningsdagen, som dette biletet er henta frå, har det vore over 11.000 vitjande i symjehallen. (Foto: Mariann Gerdsdotter Sagvåg)

* Symjing: I løpet av dei ti første vekene har nye Bømlo symjehall hatt 11.000 vitjingar. Det opplyste rådmann Geir E. Aga til kommunestyret nyleg. Det tyder med andre ord 1.100 vitjingar i snitt i veka.

Aga sa seg svært godt nøgd med besøkstala, og la til at bassenget har hatt gode inntekter, kombinert med driftskostnader som er lågare enn ein kunne frykte på førehand.

Ikkje minst med tanke på at her er over 1.000 kvadratmeter med basseng. – Me har også fått gjennomført tilsyn med symjehallen, og tilbakemeldingane var gode. Det er kjekt, sa Aga

(Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.