annonse

Anna Innvær til prinsesselaget

Innvær i tet
Innvær i tet: Anna Innvær er så langt best av alle kvinnene på baneskytinga i Stjørdal (Foto: Vidar Alfarnes)
Fokuserte på Anna
Fokuserte på anna: Stadionproduksjonen fokuserte på Anna Innvær som skaut godt frå første stund (Foto: Vidar Alfarnes.)

Mange skyttarar står att både i dag og morgon, men i skrivande stund har Anna Innvær det beste resultatet av kvinnene på årets landsskyttarstemne.

  • Vidar Alfarnes

– Dette var moro. Og ein smule overraskande, smilte Bremnes-skyttaren på 18, etter å ha levert 244 på årets viktigaste stemne. Anna har lagt ein veldig god vinter bak seg, med mange svært gode resultat innandørs. Men når våren kom og ute-sesongen starta, lugga det ein god del.

– På Lærum cup i Sogn gjekk det heilt skeis. Sidan har det heldigvis gått seg litt til, men treningsgrunnlaget før LS er syltynt. I ein liten månad i sommar var eg på interrail i Europa med søskena mine, Oda og Geir. To dagar etter at eg kom heim var det rett til Norway Cup, og sidan var det strake vegen til Stjørdal og LS, fortel klasse 4-skyttaren.

Best av alle

Om ho har samla overskot langs vegen skal vera usagt, men skyteforma var iallfall prima i dag. 50 på liggjande, 46 på ein litt låg ståande-serie, før nye 50 på kneskytinga. Den siste ti-skotserien enda med 98 poeng, og dermed best av alle kvinner så langt. Og berre éin mann har fleire poeng, når klokka nærmar seg halv tre, måndag.

PS! I skrivande stund er pappa Johnny på standplass og skyt veldig bra. Broder Geir skaut fullt hus på feltrunden, og skyt finale på fredag. Og om kort tid skal søster Oda i aksjon. Kanskje det blir to blad Innvær på prinsesselaget?

Einar Vorland (Bømlo skytterlag) kvalifserte seg fredag til finalen i feltskyting i klasse V73 med feilfri skyting.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.