annonse

Brann slo Sogndal på Bremnes

Tett og jamt
Tett og jamt: Sogndal leia 1-2, men Brann snudde kampen og vann til slutt 3–2. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
High Five
High Five: Barna på tribunen gir high five til Brann-spelar og målscorar Gilbert Koomson (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Fullsett tribune
Fullsett tribune: Om lag 300 personar trassa regnet og fekk med seg kampen Brann-Sogndal (Foto: Håvard Hammarstrøm)
God stemning 1
God stemning 1: Eirik Bakke og Lars Arne Nilsen. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
God stemning 2
God stemning 2: Branntrenar Nilsen ler godt her. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Fekk autografar
Fekk autografar: Det var mange som sikra seg autografane til heltane sine etter kampen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Bremnes-spelar inn
Bremnes-spelar inn: Bremnes-spelar Povilas Kiselevskis fekk nokre minutt i Sogndal-drakta (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Viktig straffespark
Viktig straffespark: Daouda Bamba set inn 2–2 med eit sikkert straffespark (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Flinke ballgutar
Flinke ballgutar: Unge Bremnes-spelarar følgjer Brann- og Sogndal-spelarane ut på grasmatta (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Gjekk til i duellane
Gjekk til i duellane: Treningskamp eller ei. Her ville begge lag vinne. Ulrik Flo (nr. 9) kjem halsande (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Brann-Sogndal
Brann-Sogndal: Bakke og Nilsen takkar kvarandre for kampen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Brann-Sogndal
Brann-Sogndal: Martin Ramsland blir gratulert etter å ha sendt Sogndal i føringa (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Brann-Sogndal
Brann-Sogndal: Oppvarming før kampen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Brann-Sogndal
Brann-Sogndal: Om ikkje lenge møtes dei to trenarane igjen når Sogndal tek imot Brann til cupkamp. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Brann snudde kampen og vann 3–2 i treningskampen mot Sogndal på Sentralidrettsanlegget.

Håvard Hammarstrøm

Om lag 300 personar trassa regnet og tok plass på tribunen då eliteserielaget Brann og førstedivisjonslaget Sogndal gjesta Sentralidrettsanlegget.

Møtes i cupen

Brann ligg på femteplass på tabellen i eliteserien, medan Sogndal ligg på 11.-plass i førstedivisjon. Det er likevel tett mellom laga i førstedivisjon, og siger i hengjekampen vil bringe laget leia av Eirik Bakke tett opp mot play off-plassane. Dei to laga møtes i cupen 19. juni, og sånn sett var dette både trening og generalprøve før det blir vinn eller forsvinn.

High Five
High Five: Barna på tribunen gir high five til Brann-spelar og målscorar Gilbert Koomson Foto: Håvard Hammarstrøm

Snudde kampen

Sogndal byrja kampen best. Sixten Jensen vart spelt fint fri på høgre kant. Han la inn til Sigurd Haugen som sette inn 0–1 etter 24 minutt. Tre minutt seinare spratt ballen i Sogndal-tverrliggjaren. Gilbert Komsoon var framme på returen og sette inn 1–1. Like etter var det nesten reprise på 0-1-skåringa, men Haugen sette denne gongen ballen utanfor.

Sogndal starta også andreomgangen best. Eit fint angrep vart avslutta då Martin Ramsland heada nydeleg inn 1–2 etter 50 minutt. Etter 79 minutt vart ein Brann-spelar dytta over ende i 16-meteren. Daouda Bamba sette sikkert inn utlikninga til 2–2. Kampen skulle avgjerast om lag fem minutt før full tid. Etter klabb og babb i feltet var Badou uheldig. Han sette ballen i eige mål. Dermed trakk Brann det lengste strået. Bremnes-spelarane Povilas Kiselevskis og Stian Ytrøy fekk litt speletid på slutten av kampen for høvesvis Sogndal og Brann.

Fullsett tribune
Fullsett tribune: Om lag 300 personar trassa regnet og fekk med seg kampen Brann-Sogndal Foto: Håvard Hammarstrøm

Nøgde Bakke

– Me har fått ei fantastisk mottaking her på Bømlo. Me kom i går og har budd på Bømlo hotell, seier tidlegare Leeds-proff og landslagsspelar, no Sogndal-trenar Eirik Bakke.

– Geirmund (Brendesæter) og crewet hans har lagt opp til gode dagar for oss her. Det vart ein god kamp, god stemning og bra bane. Me er glade for at me tok turen sjølv om me tapte på slutten. Det var ikkje så viktig i dag. Ein god kamp av gutane. Mange fekk spelt 60–70 minutt, så det er bra. Me kjem gjerne igjen. Me har Brann igjen om ti dagar, så me får heller ta dei då, seier han og smiler lurt.

– Sjølv om vêret var slik, var det imponerande kor mange som kom. Det syner at fotballinteressa er stor her på Bømlo. Då er det viktig at lag som Sogndal og Brann kjem og speler litt toppfotball, seier Bakke. Han roser samstundes innsatsen til Bremnes-spelaren Povilas Kiselevskis.

– Han er ein spennande spelar. Han fekk synt seg fram dei 15 minutta han fekk spele. Det var ein ung spelar som fekk prøve seg for Brann også. Det syner at det gror fotballspelarar her også og Geirmund prøver å få dei opp i systemet, seier Bakke.

Brann-Sogndal
Brann-Sogndal: Bakke og Nilsen takkar kvarandre for kampen Foto: Håvard Hammarstrøm

God økt

Også Brann-trenar Lars Arne Nilsen er nøgd med gjennomkøyringa.

– Det vart eigentleg som forventa. Tett og tøff kamp. Begge lag nyttar heile troppen sin. Då blir det sånn som det blir. Ingen alvorlege skader. Ein spelar fekk seg ein kakk, men eg trur det gjekk bra. Det viktigaste er å få ei god gjennomkøyring og unngå skader. Så byrjar alvoret om ei veke med serie, cup og europacup. Det ventar to månader med veldig mange kampar, seier Nilsen. Han legg til at det var triveleg å komme til Bømlo.

– Her var god stemning, flott arrangement, og god bane. Me har vore her før og trives her. Det vart som sagt ein kamp om lag som forventa. Me fekk ei god gjennomkøyring og vann. Me likar å vinne. Så det var greitt.

– De ligg under 1–2 og snur kampen?

– Det er ikkje så veldig viktig, men det er litt viktig. Me likar å vinne. Me likar ikkje å tape mot veslebror. No skal me møte dei om ti dagar i cupen, så dette var heilt greitt.

– Kva tykkjer du om innsatsen til Stian Ytrøy?

– Han hadde eit friskt innhopp. Han er ein bra spelar. Eg såg på han i fjor også. Han kunne jo skåra her også. Han må berre trena og stå på, svarer Nilsen.

Fekk autografar
Fekk autografar: Det var mange som sikra seg autografane til heltane sine etter kampen Foto: Håvard Hammarstrøm

Nøgd Bremnes-trenar

Bremnes-trenar og tidlegare Brann-spelar Geirmund Brendesæter er på sin side glad for at Brann og Sogndal vel å leggja ein treningskamp til Bømlo.

– Det er ein utruleg fin gest at Brann og Sogndal tek med kvar sin Bremnes-spelar i troppen til denne kampen. Det skal dei ha. Det er ikkje mange som gjer det.

– Korleis vart dei valde ut?

– Dei er blant dei som er mest på trening og lojale, og Stian er jo blodfan av Brann og reiser på alle kampane, så det var nok ei stor oppleving for han.

– Kva tenkjer du om at dei to laga kjem hit til Bremnes for å spele kamp?

– Eg tykkjer det er utruleg kjekt at dei vel å komme ut i distrikta for å spele kamp. Det er utruleg viktig for breiddefotballen at dei som er proffar og lever av dette kjem ut og syner seg i distrikta. Det tyder mykje for fotballen i Noreg at klubbane reiser ut, seier han.

Etter kampen var det middag med spelarar, sponsorar og gjestar, og trenarane heldt innlegg.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.