Bømlo-Nytt

Sport

Familien laga min­nefond for å heidra Odd-Inge

Familien laga min­nefond for å heidra Odd-Inge

Då Ingvild og Svein Egil Nesse mista yngste sonen sin 17. juni i år, var det eit forferdeleg sjokk og eit umisteleg tap. Minnet hans vert heidra med eit eige fond.

Odd-Inges minnefond kom til som eit resultat av fleire gode tankar etter tragedien som råka familien denne sommardagen for fem månader sidan. Odd-Inge døydde av akutt hjartestans. Sjokket breidde seg blant slekt, vener, naboar og andre som hadde del i Odd-Inge sitt liv. Dei var alle merka av hendinga.

– Du veit, ein får forståeleg nok mykje blomar i ein slik situasjon, seier Svein Egil Nesse og fortel om då prest var på besøk heime hos dei. Då fekk dei spørsmål om dei kanskje ville at det skulle stå noko om gåver i dødsannonsen.

– Då kom tanken om at me kanskje kunne laga eit minnefond, seier Svein Egil. Slik ville gåvene koma familien og BIL i hende på ein god måte.

Se dette bildet i full størrelse
DET SIS­TE BI­LE­TET Odd-Inge Nord­vang Nesse 3. juni 1998–17. juni 2018.

DET SIS­TE BI­LE­TET: Odd-Inge Nord­vang Nesse 3. juni 1998–17. juni 2018.

Stifta minnefond

– Og då kom vel den tanken om å gjera noko som kunne vidareføra noko Odd-Inge brente for. Noko som var i hans ånd, seier Ingvild Nordvang Nesse.

Bremnes Idrettslag var den soleklare samarbeidsparten for minnefondet, og dei sa straks ja til ideen. Frode Sortland oppretta konto, og pengar byrja koma inn også via minneside om Odd-Inge på Facebook. Under gravferda var BIL med og samla inn gåver ved utgangen, ved Frode Sortland og Tore Kallevåg. Utpå hausten var summen på minnefondet nær 35.000 kroner, og det kjem stadig inn nye gåver. Til dømes sel kafeen Opplev Bømlo i bydn Odd-Inge si sjokoladekake til inntekt for minnefondet.

Aktiv dommar

Odd-Inge gjekk på turn frå han var liten, og i tredje klasse byrja han med fotball. Her fann han seg til rette, og her fekk han utvikla seg, og fann vennskap med andre. Odd-Inge trente aktivt til han slutta som sisteårsjunior i 2017 i Bremnes IL. Han var i hovudsak keeper, men spela også ute på banen.

– Siste kampen han spelte heada han inn ei skåring mot Haugar, fortel Svein Egil som òg har vore aktiv i BIL. Han fortel at sonen fekk interesse for dømming, og tok dommarkurs. Han vart utdanna både klubbdommar, rekrutteringsdommar og linjedommar.

– Han dømte mange kampar, og han var trenar for eit G11-12 gutelag der han var eit godt førebilete for gutane, fortel Svein Egil om det omfattande tapet sonen førte til. Å vidareføra interessa til Odd-Inge var ein naturleg veg å gå i saknet og sorga.

– Det blei jo ein slags terapi for oss, midt oppi dette; å kunna gleda andre, fortel Ingvild.

Se dette bildet i full størrelse
PRI­VAT - EIN AK­TIV GUT Odd-Inges min­ne­fond er med på å føra vi­da­re eit kjært min­ne for mange, også i form av gode for dei som er ak­ti­ve i BIL som dom­ma­rar på uli­ke stadium.

EIN AK­TIV GUT: Odd-Inges min­ne­fond er med på å føra vi­da­re eit kjært min­ne for mange, også i form av gode for dei som er ak­ti­ve i BIL som dom­ma­rar på uli­ke stadium.Foto: PRI­VAT

Opne om sorga

Odd-Inge var onkel til Tian på to år. Storebror Espen (24) bur i Kristiansand og er snart utdanna lærar. Sambuaren hans heiter Mathilde. Storesøster Susanne (26) studerer i Bergen. Familien var ikkje åleine om sorga, og dei lukka seg ikkje inn.

– Me har opplevd støtte frå heile lokalsamfunnet, fortel Ingvild. Heilt frå det tragiske nyhendet om dødsfallet kom ut. Odd-Inge hadde så mange vener og kjende. Odd-Inge jobba på Coop Extra på Kuben. Dei stengde butikken under gravferda.

– Me vart møtte med opne armar. Folk har vore fantastiske til å stilla opp heile vegen, fortel ho.

– Det er ikkje alltid lett å vera den som skal nærma seg andre si sorg heller?

– Nei, og me gjekk ope ut frå første dag, fortel Ingvild. Omtanken frå familie, naboar og vener var rørande. Familien kom til duk og dekka bord i gamlahuset (familien si hytte på Nesse). Der laga den nærmaste familien til alle måltid i to veker etter dødsfallet. Naboar slo plenen, tok ut boset. Kjøkenet som var under oppussing vart gjort ferdig av snikkar Lars Gunnar Meling på ein god måte. Familien fekk rom for sorga si, men dei gav òg tilbake til andre som sørgde.

Minnesamlinga

Familien Nordvang Nesse hadde ope hus heime, og open kyrkje i samarbeid med prest like etter at Odd-Inge døydde. Slik fekk dei fortalt om korleis dødsfallet skjedde. Ingen skulle lura på kva som hadde skjedd med Odd-Inge.

– Difor var det godt for oss å få gjort dette den kvelden, seier Svein. Kring 400 menneske kom til kyrkja og deltok i minnesamling. Det var godt for familien å få møta så mange av venene til Odd-Inge.

– Det gjorde godt å sjå at dei slo ring om kvarandre, seier Ingvild.

– Og venene hans laga ein album til oss, fortel Svein Egil. På nokre få dagar hadde ei gruppe samla bilete av opplevingar med Odd-Inge. Vener song i gravferda, og naboar song. Måten folk har teke del i sorga på i det daglege, har gjort godt. Det er ingen som har snudd seg vekk, men vist at dei er med i sorga. Då er det òg godt å få dela litt tilbake, og halda ved like eit godt minne. Under tilstellinga fredag heldt Svein Egil tale til ungdommane, og delte ut prisar. Det vart ei sterk og gripande stund i Bømlohallen.

Se dette bildet i full størrelse
PRI­VAT - HEIA BIL Odd-Inge had­de så mange ve­ner. No le­ver han vi­da­re i min­net dei­ra, og kvart år skal det bli ut­de­lin­gar og pri­sar i hans gode ånd.

HEIA BIL: Odd-Inge had­de så mange ve­ner. No le­ver han vi­da­re i min­net dei­ra, og kvart år skal det bli ut­de­lin­gar og pri­sar i hans gode ånd.Foto: PRI­VAT

Tre utdelingar

Sjølve prisane har vore utarbeidde av familien og godkjende av BIL. Den første utdelinga var til alle dommarane i BIL som har dømt aktivt i 2018. Den går ut på at under ein kamp med FKH, Brann eller Viking våren 2019 vert billetten til klubbdommarane betalt av fondet.

Den andre prisen er ein ekstrapott til rekrutteringsdommarane som skal gå til ekstrautstyr.

– Det er fordi dommarane kanskje har ein tendens til å bli gløymde. Det er i Odd-Inge si ånd å gje noko til desse, sidan han sjølv var dommar, seier foreldra. Den siste prisen går til årets spelar.

Den gjekk for første gong til Lennart Andal som er ein god ambassadør for Bømlo og har vist at han har stor omsut for heimelaget og er aktiv her, sjølv om han er med på landslaget. Odd-Inges minnefond vil halda fram med årlege utdelingar.

Initiativet til minnefondet vert sett svært stor pris på av Bremnes IL.

– Eit veldig fint initiativ som kom som ei fin overrasking for mange av oss, og som heilt tydeleg vart sett svært stor pris på både av dei som fekk tildelingar og pris, og dei andre som var samla her, seier Nina Solland som var til stades under utdelingane.

ingvild@bomlo-nytt.no