annonse

FKH slo Odd borte

Slo gamleklubben
Slo gamleklubben: Bømling Joakim Våge Nilsen biletet) spelte nesten heile kampen mot gamleklubben Odds BK sundag. Han bytta med bømling Torbjørn Kallevåg seks minutt før slutt. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Joakim Våge Nilsen og Torbjørn Kallevåg fekk begge speletid då FK Haugesund slo Odds BK borte.

Håvard Hammarstrøm

FK Haugesund spelte ein god kamp og henta heim alle tre poenga på bortebane mot Odds BK i Skien sundag kveld. På 15 kampar på heimebane i fjor tapte Odd berre tre kampar, mot Molde, Viking og Stabæk. Joakim Våge Nilsen spelte frå start i seriepremieren for FKH mot gamleklubben. Det stod 0–0 til pause, men bortelaget tok leiinga etter spelte 52 minutt då Fredrik Semb Berge var uheldig og sette ballen i eige mål. Ti minutt seinare skåra Frederik Gytkjær 0–2 for haugesundarane.

Bømlingane bytta

Odd bytta inn Erik Broberg for Bilal Nije etter 66 minutt, og han sette inn reduseringsmålet 1–2 då det var spelt 75 minutt. Dermed var det ny spenning i kampen. Våge Nilsen vart bytta ut med Torbjørn Kallevåg seks minutt før full tid. Det vart ikkje fleire mål, og med siger 1-2 fekk FK Haugesund ein god start på årets eliteserie.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.