annonse

Hare gjorde innhopp i kampen Bremnes-Lyngbø

Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
– Sjå der!
– Sjå der!: Harepusen på Olvondo stadion (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Ingen veit kor haren hoppar, seier ordtaket. Tysdag kveld var det ein firbeint og litt engsteleg harepus som gjorde eit innhopp i kampen på Olvondo stadion.

Håvard Hammarstrøm

Midt under kampen mellom Bremnes og Lyngbø var det plutseleg ein hare ute og hoppa inne på kunstgraset. Haren var slett ikkje interessert i kampen, og medan innbytarane varma opp og venta på å komme innpå, var haren ivrig etter å hoppe seg ut av idrettsanlegget. Etter ein rask runde ute på banen, klarte den firbeinte krabaten å finna ein stad å smette igjennom gjerdet og ut bak tribunen. Så var han eller ho borte, sikkert letta over å vera ferdig med karriera som fotballspelar.

Hare på Olvondo stadion
Hare på Olvondo stadion: Foto: Håvard Hammarstrøm

Bømlo-nytt har fått stadfesta frå kyndig hald at dette faktisk var ein hare, og ikkje ein kanin på rømmen. Har BIL-damene fått seg ein ny maskot, eller var det berre påskeharen som var litt seint ute?

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.