annonse

Jacob sprang inn til medalje

I FORM
I FORM: Jacob Vaula imponerte då han sette ny personleg rekord og sprang inn til bronsemedalje på 60-meter under Ungdomsmesterskapet i Steinkjer.

+ STEINKJER: Jacob Vaula hadde god grunn til å vere fornøgd etter at han hadde sprunge inn til ny bestenotering og bronsemedalje på 60-meter under Ungdomslekene i friidrett.

  • Svein Halvor Moe

– Eg er både stolt og glad over at eg klarte å ta medalje, sa sprinttalentet etter at han hadde vore på sigerspallen og mottatt ein velfortent medalje for prestasjonen sin på den kortaste distansen. Vaula beviste at han har trykk og eksplosivitet i beina då han fossa inn til 7,15 i finalen. Så fort har 16-åringen som representerer Stord, aldri sprunge tidlegare.

Jacob Vaula som er forholdsvis fersk i sprint- og løpssamanheng, har eit stort potensial på friidrettsbanen. Det har både trenaren hans og andre uttalt til Bømlo-nytt. Vaula har berre satsa på springing i eit par års tid. 2001-modellen har fått ein mykje betre treningskvardag etter at han kom inn under Stord-miljøet sine vengjer. Det er eit stort pluss at han får mogelegheit til å trene i skuletida.

Har gjort ein god jobb

Den unge bømlingen har nemleg sprint og friidrett på timeplanen. Jacob har gjennom sommaren og hausten gjort ein god treningsjobb. Det hausta han frukter av på tartandekket i Steinkjer og Trøndelag. Vaula la ikkje skjul på at han var spent før årets første møte med dei beste i landet. Det største spenningsmomentet var om han var sterk nok til å hevde seg på 60-meter.

– Eg er betydeleg betre på den kortaste distansen enn eg er på 200-meter. Difor var det på den distansen eg hadde størst mogelegheit til å gjere det bra her i UM. Eg hadde forhåpningar om at eg skulle vere sterk nok til å pynte på bestenoteringen på 7,20 då eg varma opp og gjorde unna dei siste førebuingane. Det var utruleg artig at eg klarte det, sa Vaula til lokalavisa.

Spent på denne sesongen

Han kan etter kvart komme til å bli ein del av ein eksklusiv og forholdsvis liten klubb. Nemleg den som består av utøvarar som har fått sjå seks-sekundartalet på 60-meter. Jacob innrømmer at han har forventningar til denne sesongen.

Målet er å gjere det minst like bra i UM innandørs i Overhalla. Vaula vurderer også å stille opp i junior og senior-NM dersom det passar inn i programmet.

Han fekk elles sin debut i senior-NM-samanheng i fjor haust. Det trass i at han på det tidspunktet berre så vidt hadde byrja på vidaregåande. Det var først og fremst god læring for den lokale sprintaren å få bryne seg på dei beste seniorane. No ventar ein treningsperiode før han rettar blikket mot utandørssesongen som vert innleia i mai eller starten av juni.

Tekst og foto: Svein Halvor Moe

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.