annonse

Kallevåg har signert for FK Haugesund

BLIR FKH-SPELAR
BLIR FKH-SPELAR: Torbjørn Kallevåg, her i kamp for moderklubben BIL i oppvisingskamp mot FKH i fjor haust, har no signert for eliteserieklubben i Haugesund og kan over nyttår ta på seg kvit kampdrakt. (Foto: Nils-Tore Sele)

På tysdag signerte Torbjørn Kallevåg for FKH. Han forlet sunnmørsklubben Hødd og blir eliteseriespelar i fotball frå og med 1.januar 2018.

Nils-Tore Sele

Torbjørn Kallevåg har signert ein tre år lang kontrakt med FKH, som strekkjer seg ut sesongen 2020, melder eliteserieklubben i Haugesund på si heimeside.

Kontrakten vart skriven under mellom partane på tysdag. Måndag kveld var Kallevåg til stades på Olvondo stadion, der han såg a-laget til moderklubben Bremnes spela uavgjort 2-2 mot Trott i 4.divisjon.

Kallevåg returnerer til Haugesund, der han spelte fotball for Sportsklubben Vard før han melde overgang til Hødd, der han har vore i tre sesongar.

– Stort

– Det er stort for meg å signera for FK Haugesund. Det er ein klubb eg har følgd sidan eg var liten, så tanken på å representera FKH dei neste tre sesongane gjer meg både stolt og takksam, seier han ifølgje ein artikkel på heimesida til eliteserieklubben.

 - Eg gler meg veldig til dette. Ein draum har gått i oppfylling for meg no, det er det ingen tvil om, seier han til Bømlo-nytt.

- Det å bli FKH-spelar har vore eit stort mål for meg.

Han fortel at det har vore eit mål for han lenge å få spela for klubben, og rettar samstundes ein stor takk til Hødd, der han har vore dei siste sesongane.

– Eg har hatt tre fantastiske år i Hødd, og er veldig takksam for den utviklinga eg har hatt i Ulsteinvik, fortel han.

– På veg opp

Jostein Grindhaug, leiar for A-laget i eliteserien, er i same artikkel nøgd med å sikra seg Torbjørn Kallevåg.

– Han er ein spelar på veg opp, og har teke store steg under tida i Hødd. Me ser fram til å vidareutvikla han ytterlegare her hos oss. I Torbjørn får me ein spelar med lokal tilknyting som har vist godt att i denne sesongen og som me trur kan tilføra oss mykje, fortel Grindheim i artikkelen, og opplyser at klubben heile tida er på jakt etter slike spelarar.

Torbjørn Kallevåg spelte for Bremnes fram til 2011, då han vart Vard-spelar. I den haugesundsklubben var han i fire år før ferda gjekk vidare til Ulsteinvik og Hødd. Kallevåg har til no spelt 85 kampar for sunnmøringane og skåra 21 mål for dei både i cup og serie.

Kallevåg sluttar seg til FKH-troppen frå 1.januar 2018.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.