annonse

Kårbø klar for EM

Friidrett: Tom Erling Kårbø er teken ut i troppen som skal representere Noreg under friidretts-EM i Berlin. Det går fram av ei pressemelding frå Norsk friidrett. Kårbø er einaste mann frå Noreg og Karoline Bjerkedal Grøvdal einaste norske kvinne som deltek på distansen 3.000 meter hinder. Dei tre brørne Ingebrigtsen er alle tekne ut på distansane 1.500 meter og 5.000 meter. EM går av stabelen i Berlin 6.–12. august. 3.000 meter hinder for menn startar med innleiande runde tysdag 7. august, og finalen går om kvelden torsdag 9. august.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.