annonse

Kårbø tok NM-sølv

På pallen
På pallen: Tom Erling Kårbø (til venstre) kunne hente heim sølv etter innandørs-NM i friidrett i helga. Vann gjorde Jacob Ingebrigtsen (i midten), medan Ådne Andersen sprang inn til bronse (Foto: Nils Hetleflåt)

Tom Erling Kårbø tok sølv i noregsmeisterskapen i friidrett innandørs.

Kårbø tok sølv på distansen 1.500-meter med tida 3.49.02. Nils Hetleflåt opplyser til Bømlo-nytt at bømlingen med det sette ny personleg rekord på distansen innandørs. NM-gullet gjekk til Jacob Ingebrigtsen (Sandnes). Han vart klokka inn på tida 3.42.75. Kårbø slo bronsevinnar Ådne Andersen (Dimna) på målstreken. Tida til bronsevinnaren vart 3.49.29.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.