annonse

– Kulaste cupen i året

Bergen Nord G11 overnatta på Svortland skule. Gutane fortel at det er ekstra kjekt å delta på Rema-cup sidan dei får overnatte og bli betre kjente med kvarandre, og sidan turneringa også har diskotek. Med på biletet er
Gøy på cup: Amund Helgeland (10), Mathias Sæle (11), Snorre Flatabø (11), Johannes Jarnæs (10), Lars Vad (10), Sindre Matre (10), og Kristoffer Jekstad Rødland (11). (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Dansekurs
Dansekurs: Ten Sing Bømlo held dansekurs for dei unge fotballspelarane (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Moster grøn gut 9 skal snart spele sin første kamp mot Sotra. Dei fortel at dei gler seg til første kamp. Frå venstre
Budde mostringar: Aksel Eikeland Sortland, Olav Steinsland og Leo Mjånes (alle 8 år). (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Freestyle
Freestyle: Brørne Fagerli synte sine kunstar for publikum under opningsshowet (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Håper på is
Håper på is: Meling J9 satsar på siger i siste kamp og is. Med på biletet er Sigrid Marlene Onistil, Kaisa Elisabet Nysten, Hildur Louise Økland, Rebekka Halleraker, Nathalie Lydersen og Elise Åsnes. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Kamp etter kamp
Kamp etter kamp: Meling J9 speler her kamp mot Bjarg. Dette var to av 173 påmelde lag til årets turnering. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Tonnevis med burgarar
Tonnevis med burgarar: Det gjekk unna med burgarar og pølser. Cato Esperø og Tommy Mæland fortel om god stemning (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Diskotek
Diskotek: God stemning på diskoteket i Bømlohallen laurdag kveld (Foto: Håvard Hammarstrøm)
– Agurknytt
– Agurknytt: Snart lunsj for dei tilreisande. Torstein Rasmussen, Arne Stokka og Gro Anita Ynnesdal kuttar opp agurk og tomat. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Brød og pastasalat
Brød og pastasalat: Det er gøy på cup! Brødmaten og pastasalaten er grei nok men litt kjedeleg, meiner Bjarg Tiger J9-jentene. Med på biletet er Leah Hagenes, Hedda Eikeland, Sigrid Vatsele Halvorsen, Ina Vikhagen og Airil Oppedal. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Autografkø
Autografkø: Barna i kø for autografar frå brørne Fagerli (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Takk for kampen
Takk for kampen: Meling-spelarane takkar Bjarg-spelarane for kampen. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
No er det lunsj
No er det lunsj: Klokka har passert 1230 og dei tilreisande har lunsj i Bømlohallen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Stort apparat
Stort apparat: Det er ikkje få brødskiver og kilo med pastasalat som lyt lagast når du får så mange hyggjelege lunsjgjestar. Hatten av for dugnadsgjengen! (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hakuna matata
Hakuna matata: Ten Sing Bømlo held dansekurs under opningsshowet (Foto: Håvard Hammarstrøm)
– Heeey baby oh ah
– Heeey baby oh ah: Dansen går på dansegolvet under diskotekkvelden i Bømlohallen (Foto: Håvard Hammarstrøm)

G11-spelarane på Bergen Nord seier fotballturneringane til Bremnes IL er dei aller kulaste i året.

Håvard Hammarstrøm

– Det er fordi me får reise på overnatting her, og då blir me betre kjente med lagkameratane våre. Ja, og så er her diskotek, seier Johannes Jarnæs.

Folkefest

Med godt over 1.300 registrerte fotballspelarar, i tillegg til trenarar, leiarar og foreldre, vart det ein skikkeleg folkefest på Sentralidrettsanlegget i helga.

Det starta fredag kveld med opningsshow. Ten Sing Bømlo varma opp fotballspelarane med dansekurs, før verdsmeistrane i triksing og ballkunstar, eller freestyle om ein vil, kom på scenen. Brørne Erlend og Brynjar Fagerli frå Trondheim synte fram sine imponerande ballkunstar og spektakulære triks for eit entusiastisk publikum. Etterpå var det autografsignering, og nokre heldige fekk kvar sin fotball.

173 lag i aksjon

Heile 173 lag var påmelde til årets turnering, og det vart ein folkefest for dei som var på Sentralidrettsanlegget i helga. Dugnadsgjengen la ned ein kjempeinnsats, både med dommarar under sjølve kampane og elles med alt som hadde med matservering, vaktar, praktisk gjennomføring av show, diskotek, premieutdeling og overnatting. Det har blitt lagt ned tallause dugnadstimar i løpet av fredag til sundag.

Sjå film frå opningsshowet med Fagerli Brothers her

Gledde seg til is

Meling J9 var bømlalaget som var i aksjon då Bømlo-nytt tok runden på fotballbanane midt på dagen laurdag. Etter kampen fortel dei at dei har spelt to kampar så langt, og har tapt begge. Det viktigaste er likevel at det er gøy å spela fotball og ha det kjekt saman!

– Me spelte bra mot Bjarg, sjølv om me ikkje vann. Men den siste kampen (mot Bergen Nord) skal me vinna! Gjer me det får me is! seier Hildur Louise Økland. Ei av dei andre jentene lurer på om det kan hende går an å få sukkerspinn også?

– Heia Meling me er best! Når me skårar blir det fest! Yeah!

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.