annonse

Lokal landslagsdebutant imponerer spelarutviklar

IMPONERT
IMPONERT: Spillerutvikler Magnus Johansson er spent på kva Lennart Georg Andal kan utrette i den norske landslagsdrakta dei neste dagane. (Foto: )

– Lennart er ein fornuftig og sindig gut som kan ha gode fotballår framfor seg. Han er akkurat no ein av dei mest spennande 2002-modellane i landet, seier Magnus Johansson til Bømlo-nytt.

Johansson er spelarutviklar i Hordaland fotballkrets og Norges Fotballforbund. Den mangeårige Brann- og Haugesund-profilen har late seg imponere over Lennart Andal si utvikling på fotballbanen. Bremnes-guten har tatt store steg etter at han for godt og vel eitt år sidan debuterte på kretslaget.

For kort tid tilbake fekk bømlingen muligheten til å vere med på eit regionalt landslagstiltak i Sarpsborg. Den samlinga var for dei 50 beste tiandeklassingane i landet. G16-landslagstrenar Erland Johnsen likte det han såg av Andal der.

– Johnsen såg noko ved Lennart som han har lyst til å teste ut i internasjonal samanheng. Det gjer at han er tatt ut i årets første G 16-landslagstropp. Eg vil ikkje bli overraska dersom Bremnes-spelaren dei neste dagane legg inn gode søknader om å få vere med vidare på landslaget. Han har både fotball- og menneskelege kvalitetar til det. Samtidig skal me vere klar over at det er tøff kamp om plassane. Nålauga for å få spele med det norske flagget på brystet er trongt. Det er mange som konkurrerer om midtstopparplassene, seier Johansson.

Har komme langt

Han legg ikkje skjul på at Lennart har komme langt så lenge han får vere med til Serbia og i ei internasjonal turnering. Den Bergen-busette svensken meiner det er eit stort pluss for Andal at han er så roleg og mentalt sterk. Dei som kjenner ungguten veit at det skal litt til for å få han i ubalanse. Det at han er så fornuftig og har så god Bremnes-ballast, gjer at han har gode føresetnader for å lukkast på eit høgare nivå enn klubb og kretslag. Magnus Johansson meiner ungguten vil få nyttige impulsar i Serbia denne veka.

– Lennart vil ta med seg impulsar som vil kome både han og Bremnes-miljøet til gode framover. Han vil i løpet av det vekelange opphaldet få referansar på kva som vert krevd og forventa av dei som har landslagsambisjonar. Det handlar om å suge til seg flest mogeleg inntrykk. Forhåpentlegvis så kjem han til å gjere det så bra at det byr seg fleire muligheter på landslaget framover. Dei tre-fire neste åra vil bli veldig viktige for hans fotballutvikling, seier Johansson som følgjer ungguten tett.

Bremnes får æra

Han er derimot klar på at det er Lennart Andal og Bremnes som har æra for at Bremnes no har fostra ein ny aldersbestemt landslagsspelar. Det byrjar etter kvart å bli nokre av dei.

Fotballforbundets spelarutviklar er tydeleg på at detvert jobba godt i Bremnes som i fleire tiår har vore dyktige på spelarutvikling. Dei har både fått fram gode lag og enkeltspelarar. Eit par av dei spelar elles i FK Haugesund og eliteserien. Lennart har også eit langsiktig mål og draum om å få spele i eliteserien. Han er innstilt på å jobbe hardt for at det skjer.

Av Svein Halvor Moe

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.