Bømlo-Nytt

Sport

Marit vann knallhard fjellmaraton

Marit vann knallhard fjellmaraton

Laurdag sprang Marit Innvær Agasøster maraton for første gong og vann dameklassen med 20 minutt. Og det i Dynafit Hardangervidda Marathon.

Med tida 5:01:09 vart ho årets raskaste kvinne i det som er rekna for det tøffaste og vakraste maratonløpet i Noreg.

– Nei, det var ikkje forventa! Eg overraska meg sjølv der! seier Marit Innvær Agasøster som fekk tildelt velfortent førstepremie i Eidfjord etter innsatsen. Tidlegare har ho delteke i halvmaraton og motbakkeløp, men ho tok ein sjanse og melde seg på for å sjå korleis det gjekk. Dynafit Hardangervidda Marathon startar i Eidfjord og tidleg i løypa skal ein opp Simadalen som gir ein motbakke på 1200 meter høgdestigning på få kilometer.

– Eg prøvde å halda følgje med dei andre, og eg var overraska over kor godt det gjekk. Det var jo kjekt å sjå at treninga fungerte, seier ho.

Trenar på eiga hand

Marit trenar på eiga hand og melder seg på løp som privatperson. Ho er tidlegare fotballspelar og er mykje ute i terrenget på Bømlo og trenar. Det har vore mykje opp og ned på Siggjo, og at treninga har fungert så bra har gjeve meirsmak.

– Dette har motivert meg til å delta på fleire løp, men eg veit ikkje heilt kva det neste blir enno, seier Marit som er imponert over arrangørane i Dynafit Hardangervidda Marathon.

– Det er eit veldig flott løp på fleire måtar. Veldig god stemning, og utruleg flott natur, seier ho om løypa.

– Så du kan anbefala dette løpet til andre?

– Ja, det kan eg, men ein bør vera godt førebudd, seier ho om fortel at motbakke er ein ting, men ein skal jo ned att til Øvre Eidfjord òg. For mange kan dei siste ti kilometerane i nedoverbakke vera ganske tøffe.

– Og det må eg seia at det kjende eg ganske godt òg, seier Marit Innvær Agasøster.

MIKKEL BEISNER. - IMPONERTE BÅDE SEG SJØLV OG ANDRE Marit Innvær Agasøster i fin stil under Dynafit Hardangervidda Marathon.

IMPONERTE BÅDE SEG SJØLV OG ANDRE: Marit Innvær Agasøster i fin stil under Dynafit Hardangervidda Marathon.Foto: MIKKEL BEISNER.

362 utøvarar totalt

Dynafit Hardangervidda Marathon vart i år skipa til for sjuande gong, og løpsleiar Anita Limstrand i Xtremeidfjord er glad vêret blei bra og at løpet var vellukka. Dei har med seg 70 frivillige i Kinsarvik Røde Kors under avviklinga, og kunne ikkje klart seg utan denne innsatsen. Fjelløpet er godt innarbeidd, og i år stilte det deltakarar frå 12 nasjonar. Til maraton stilte 151 var menn og 25 kvinner, til halvmaraton 79 menn og 71 kvinner.

– Det er jo eit hardt og brutalt terrengløp, men dei aller fleste fullførte, seier ho om å springa på stein og sti, over elvar, gjennom gjørme, snø og is. Laurdagen starta med regn, men vêret letta og sola fekk den spektakulære løypa ekstra godt fram ut over dagen. Etter at deltakarane har komme seg opp Simadalen får dei panoramautsikt over Hardangerjøkulen. Vidare skal dei innom Vøringsfossen før turen går ned til målområdet gjennom Hjølmodalen til Øvre Eidfjord. Eit maraton er 42 kilometer langt. Herreklassen maraton vart vunnen av Jørgen Møklebust Austvik frå Nesttun med tida 3:50:26. Marit kom på 18. plass i løpet totalt. 

Sjå heile resultatlista her.

ingvild@bomlo-nytt.no