annonse

Moster sigra på bortebane

Sigra borte
Sigra borte: Moster sigra på bortebane (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

* Fotball: Moster spelte måndag bortekamp mot Torvastad 2. Ruben Pedersen gav Moster leiinga 0-1, og etter utlikning av Torvastad 2 sette han også inn 1–2. På nytt utlikna Torvastad 2, og det stod 2–2 til pause.

I andre omgang skåra Per K. Skimmeland for Moster, og til slutt sette Ruben Pedersen inn sitt tredje mål for dagen og fastsette sluttresultatet til 2–4. Moster-spelarane kunne dermed juble for årets første bortesiger.

– Dette var ein god bortekamp der alle på laget jobba godt. Til tider spelte me god fotball, uttaler MIL-trenar Sigve Skimmeland. Han seier seg godt nøgd med innsatsen til alle Moster-spelarane i denne kampen.

– Ein kjekk bortesiger.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.