annonse

NM i snooker er i gang

Valde i NM
Valde i NM: Bømling Kåre Valde er blant deltakarane i noregsmeisterskapen i snooker denne helga (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)
Dette er snooker

To bømlingar er påmelde til NM i 15 raud i regi av Stord Snookerklubb i Sagvåg.

Håvard Hammarstrøm

Om lag 40 snooker-spelarar frå heile landet kjem denne veka til Sagvåg på Stord for å spele om NM-tittelen i snooker.

Første NM på Stord

Stord Snookerklubb vart etablert i 2013 som den fjerde snookerklubben i Noreg og den første på Vestlandet. Å få skipe til eit NM er ein milepæl for den fem år gamle klubben. Ikkje minst sidan det her er snakk om NM i 15 raud, som reknast som hovud-NM. Dette er første gong det blir skipa til NM i denne greina på Vestlandet.

I oktober i fjor presenterte Bømlo-nytt klubben i samband med eitt av klubbmeisterskapa som då vart spelt. Den gongen vart det fortalt at fleire bømlingar er medlemmar og speler snooker i klubben. Kåre Valde og Tore Vespestad er dei to bømlingane som skal delta i NM dei neste dagane. NM blir avslutta på sundag.

Størst i Noreg

I fjor haust vart lokalet til Stord Snookerklubb i Sagvåg og bordkapasiteten der rekna for å vera blant dei beste i landet. I forkant av NM har klubben satsa på ytterlegare utviding av tal bord.

– Me er no den snookerklubben i landet med flest snookerbord. Me har utvida til åtte snookerbord no til NM. Me satsar på å laga tidenes beste snooker-NM, seier Tommy Kvarsvik i Stord Snookerklubb.

Bømlingane rykte opp

Når det gjeld bømlingane som deltek i NM, rykte Kåre Valde i fjor opp frå 1. divisjon til elite i den lokale snookerserien til Stord Snookerklubb. I løpet av våren har han vunne fem av ni kampar. Det gir ein plass midt på tabellen i elite. Valde kom i fjor på pallen i ein av klubbmeisterskapane, og han hamna dessutan på ein sterk femteplass under ei regional turnering for Vestlandet som vart spelt på Stord i mars i år.

Tore Vespestad har på sin side spelt i 1. divisjon no i vår, og her kom han på andreplass. Det sikrar at også han speler i elite når seriespelet tek til att i haust.

Snooker på direkten

Publikum kan følgje kampane mellom dei beste snookerspelarane i landet i lokalet til Stord Snookerklubb i Sagvåg. Kvarsvik fortel at det er laga til ein flott tribune, og det er gratis inngang.

– I tillegg vil det bli live streaming frå to av borda under heile turneringa, sånn at ein kan følgja med heimanfrå på nett, seier Kvarsvik. Dermed kan ein vera heldig å få sjå bømlingane i aksjon på Youtube når turneringa startar torsdag (sjå linkar under).

RESULTATOPPDATERING HER

Lurer du på kva snooker eigentleg er? Snooker har mange reglar, men ei enkel innføring får du i faktaboksen.

Kanal 1 Stord Snookerklubb

Kanal 2 Stord Snookerklubb

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.