annonse

Ny løyperekord - Siggjodilten

Siggjodilten
Siggjodilten: Utøvarane startar på motbakkeløpet. (Foto: Carina Wangensten)
Siggjodilten
Siggjodilten: Vesle Haakon Cornelius Hagen Lindaas kom heilt frå Haugesund for å vera med på Siggjodilten. Etterpå fekk han trekka ut ein heldig vinnar i loddtrekkinga. (Foto: Carina Wangensten)
Siggjodilten
Siggjodilten: Vidar Sæverud gratulerte Nora Markhus med ny løyperekord i kvinneklassen.
Siggjodilten
Siggjodilten: Då dei kom ned att venta loddtrekking og premieutdeling. (Foto: Carina Wangensten)
Vinnaren i herreklassen, Thomas Finshus, kom i mål med tida 15
Vinnaren i herreklassen, Thomas Finshus, kom i mål med tida 15: 44. (Foto: Helene Sævarud)
Siggjodilten
Siggjodilten: På toppen venta ein god heiagjeng å venta på løparane som kom i mål. (Foto: Helene Sæverud)
Siggjodilten
Siggjodilten: Etter løpet samla alle seg på parkeringsplassen. Her kunne dei kjøpa seg frukt, kake og brus.
Siggjodilten
Siggjodilten: Alle deltakarane stiller seg opp på startstreken. Heidi Sæverud stod for startskuddet.
Foto: Carina Wangensten
Vinnarane: Nora Markhus og Thomas Finshus fekk kvar sin vandrepokal i tillegg til premien. (Foto: Carina Wangensten)

I strålande vêr sprang dei til toppen av Siggjo, 474 meter over havet. Nora Markhus imponerte, då ho slo til med ny løyperekord.

Carina Wangensten

Andre pinsedag var det klart for Siggjodilten. Nokre av deltakarane valde å gå opp. Dei byrja allereie klokka elleve. Klokka eitt var det klart for motbakkeløp. Sjølv om det hadde regna tidlegare på dagen, var vêret no flott for utøvarane. Overskya, passe varmt og opphald.

I alt var det kring 120 som møtte opp. Av dei var 42 møtt opp for å springa motbakkeløpet. I herreklassen var det Thomas Finshus som kom først i mål. Han sprang opp på tida 15:44. Etter han kom Rune Knutsen, 16:54 og Bjørn Kjetil Sørvik 18:28. I dameklassen var det Nora Markhus som imponerte med tida 17:37. Etterfulgt av Marit Agasøster, 19:40 og Katrine Tvedt Lavik, 21:47. 

I kvinneklassen imponerte Nora Markhus med ny løyperekord, med tida 17
I kvinneklassen imponerte Nora Markhus med ny løyperekord, med tida 17: 37. Foto: Carina Wangensten

Arrangørane var overvelda over oppmøtet. 

- Det vart litt hektisk grunna stort oppmøtet, men det var utruleg kjekt at så mange kom, seier Vidar Sæverud. 

Etter motbakkeløpet var det klart for premieutdeling. Først fekk vinnarane, Finshus og Markhus, overrekt vandrepokalane og kvar sin premie. Etterpå var det loddtrekning. Her hadde alle som deltok på Siggjodilten moglegheit å vinna. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.