annonse

Nytt klubbhus til hausten

: No er det snart slutt på å vera flau over dårlege garderobetilhøve, parkeringstilhøve, og kiosk i eit telt som held på å blesa vekk. I oktober skal nytt MIL-klubbhus stå ferdig. Nestleiar Morten Ersland (til venstre) og byggjeleiar Stian Dahl syner tomta i grendaparken der grunnarbeidet no går føre seg. Foto Håvard Hammarstrøm.
: I bakgrunnen skimtar me det gamle klubbhuset. Idrettslaget er i dialog med brannvernet, og det blir diskutert om det gamle brakkebygget kan brukast som øvingsobjekt for brannvesenet. (Foto: Håvard Hammarstrøm.)
Slik vil klubbhuset sjå ut når det står ferdig. Terrassen til høgre vil vende mot leikeplassen. På baksida blir det ei rampe slik at det frå sida som vender mot grasbanen blir inngang i hovudetasjen. Der kjem også tribunen til grasbanen til å stå. Skisse
Slik vil klubbhuset sjå ut når det står ferdig. Terrassen til høgre vil vende mot leikeplassen. På baksida blir det ei rampe slik at det frå sida som vender mot grasbanen blir inngang i hovudetasjen. Der kjem også tribunen til grasbanen til å stå. Skisse: Idealhus/Moster idrettslag.

Moster idrettslag (MIL) får no bygd nytt klubbhus i Moster grendapark. Prosjektet til 14,5 millionar kroner skal etter planen vera ferdig i oktober.

Håvard Hammarstrøm

Eit nytt klubbhus har vore etterlengta i Moster idrettslag. No er byggjeprosjektet endeleg i gang.

Grunnarbeid og støyping

Landmark maskin har sidan før årsskiftet halde på med grunnarbeidet. Mellom anna er det skifta ut ein del myr og dårleg grunnmasse. Denne veka har det vore støyping.

I tillegg til sjølve bygningen inneheld prosjektet også opparbeiding av fleire parkeringsplassar. Eit betydeleg areal skal asfalterast. Dette vil gjera parkeringstilhøva langt enklare ved større tilskipingar, som til dømes Aasen-cup og grendacupen. Det blir ei oppgradering av heile området.

Innhaldsrikt hus

Etter kvart tek hovudentreprenør Idealhus over. I mars skal tømrararbeidet vera i gang for alvor, og målet er tett tak i april. På forsommaren kjem klubbhuset til å syne att i terrenget for alvor.

Nybygget mellom grasbanen og kunstgrasbanen i grendaparken blir på 540 kvadratmeter delt på to høgder. Bygningen skal innehalde fire garderobar, dommargarderobe, utstyrsrom til laga, anleggsgarasje, klubbkontor, kjøken, kiosk og toalett.

Her blir også klubbstove og selskapslokale med foldedør mellom.

I dag nyttar idrettslaget seg av rom på Moster skule. I det framtidige klubbhuset i grendaparken kan det haldast kurs, og det kan gjennomførast videoanalyse. Klubben vil ha lokale både til undervisning og sosiale arrangement i eigen regi og utleige.

Det vil vera plass til opptil 160 personar i den nye storstova.

Dobbel feiring

Leiar i byggjegruppa, Stian Dahl, seier planen er ferdigstilling av prosjektet og opning av klubbhuset i oktober månad. Han roser samarbeidet med entreprenørane og Bømlo kommune.

Nestleiar i MIL, Morten Ersland, legg til at det blir ei stor markering når det største prosjektet i idrettslaget si historie skal feirast.

- Moster idrettslag var 50 år i fjor, men me har vald å utsetje feiringa til klubbhuset står ferdig. Dette blir ei storhending for idrettslaget, med dobbel feiring og underhaldning.

Kan bli jubelhelg

- Det er særskilt i samband med fotballturneringar som Aasen-cup me har sakna å ha klubbhus. Klubbhuset blir ferdig om lag på den tida på året då me har grendacup. Det kan bli aktuelt å ha ei heil helg med aktivitet her i grendaparken, men me har sett ned ei eiga gruppe som jobbar med planar for feiringa, seier Ersland.

Jaktar på inntekter

Moster idrettslag har i dag om lag 500 medlemmar og om lag 200 aktive spelarar. Dette er det einaste idrettslaget i Bømlo som ikkje har eit godt fungerande klubbhus.

- Sjølv med tippemidlar, andre tilskot og dugnad kjem me til å stå att med ein del lån når klubbhuset står ferdig. Me er avhengig av støtte og gåver, og jobbar opp mot aktuelle sponsorar, sel andelar i klubbhuset og håper på at utleige skal bidra til inntekt, seier Ersland.

- Det blir fantastisk når klubbhuset står ferdig. Me håper dette skal bli eit sosialt samlingspunkt i bygda, og eit stort løft både for idrettslaget og for Moster. Me får mykje positiv feedback både i og utanfor bygda.


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.