annonse

Populær Maibridge i Rubbestadneset

Side ved Side
Side ved Side: 40 par er det maksimale talet påmelde under Maibridge i Rubbestadneset. Her er 80 bridgespelarar frå heile sørvestlandet i aksjon (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Nøgd Nitter
Nøgd Nitter: Trond Nitter (i svart t-skjorte) og parkamerat Jan Kristian Lutro kom på ein 17.-plass i år (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Sikre stikk
Sikre stikk: For mange er det blitt tradisjon å reise til Maibridge i Rubbestadneset (Foto: Håvard Hammarstrøm)

40 par melde seg på til då Rubbestadneset BK inviterte til Maibridge.

Håvard Hammarstrøm

Bridgeturneringa på kristi himmelfartsdag har blitt ein god og ikkje minst populær tradisjon. I år var det påmeld 40 par (80 spelarar) frå heile sørvestlandet. Trond Are Nitter i Rubbestadneset Bridgeklubb fortel at det var heilt fullt. Turneringa tok til i 11-tida og vart avslutta i 19-tida denne torsdagskvelden. Då Bømlo-nytt var innom like før klokka 18 var konsentrasjonen på topp ved alle borda på Bømlo Hotell.

Åsane BK på topp

Av resultatlista på www.bridgekrets.no kan me lesa at det var Finn Fyllingslid og Erik Eriksen frå Åsane BK som hadde størst grunn til å juble då dagen var over. Dei gjekk heilt til topps med den imponerande poengsummen 218,00 og 60,62 prosent. Arild Lauvsnes og Erik Eliassen frå Stavanger BK kom på andreplass med 189,00 poeng og 59,21 prosent, medan Rune Fagerbakke og Bjarte Haugland frå Austevoll BK sikra seg den siste pallplassen med 171,00 poeng og 58,33 prosent.

Femteplass til Rubbestadneset

Rubbestadneset BK stilte til start med 16 spelarar. Dei fleste spelarane stilte i par frå same klubb, men det var også spelarar som spelte i par med spelarar frå andre klubbar. Dei beste spelarane frå Rubbestadnes BK i årets Maibridge vart Jorunn Folkedal og Inge Kvarven. Dei sikra seg ein fin femteplass med 135,00 plusspoeng og 56,58 prosent då 54 spel og 27 rundar var ferdigspelte.

Stor turnering

Nitter fortel at det vart ei svært vellukka turnering.

– Det var fullt hus. Dette er ei av dei største turneringane på Vestlandet, og også ei stor turnering i nasjonal målestokk. Eg tykkjer det gjekk kjempefint. Me er strålande nøgde. Me hadde deltakarar frå Klepp i sør til Bergen i nord. Mange kjem att år etter år, så dette har blitt tradisjon for mange, seier han til lokalavisa.

I fjor var det litt færre deltakarar, men årets turnering er ikkje den første der arrangøren har måtte seie nei til par som har spurd om høve til å delta.

– Seinast på morgonen turneringa skulle spelast måtte eg seia nei til eit par som lurte på om det framleis var høve til påmelding.

– Så då er det gjerne nokre som alt har vore ekstra tidleg ute med å melda seg på til neste år? Nitter ler.

– Ja, i år var det heilt fullt tre veker før turneringa, så det er lurt å vera tidleg ute, svarer han. Det er eit godt bridgemiljø i Rubbestadneset, og maibridgen er eit klart høgdepunkt i løpet av året. Turneringa har etter kvart lange tradisjonar i bridgemiljøet på Vestlandet.

Maibridge har blitt spelt i fleire tiår, og det er gjævt å kunne ta med seg ein siger heim etter ein kristi himmelfartsdag på Bømlo.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.