annonse

Remacupen opnar med triksing

Fagerli Brothers
Fagerli Brothers: Har vunne VM i triksing og inspirerer andre til leik med ball. (Foto: )

Fagerli Brothers har vunne VM i triksing. Fredag skal dei triksa remacupen i gang.

Ingvild Sjo

Dei to brørne Erlend og Brynjar frå Trondheim er så gode med ballen at dei reiser rundt og lagar show. Bremnes IL har invitert dei til å dra i gang årets Remacup ved å visa fram utruleg ballkontroll og spektakulære triks. Bømlo gospel kjem òg til opninga fredag, og dermed er det klart for ei heil helg med berre fotball og gøy.

1321 påmelde

Elin Mariboe i Bremnes IL fortel at 173 lag er påmelde i år, og det utgjer 1321 born i alderen 7 til 12 år. Pluss medfølgjande foreldre og andre blir det eit stort dugnadsapparat som er i sving for overnatting ved skular og matservering i Bømlohallen som skal i gang. Nokre kjem med bubilar, og nokre med båt til Urangsvåg. Alle kampane går føre seg laurdag og søndag ved sentralidrettsanlegget. Løpebanen vil vera gate der publikum kan gå og sjå kampar, og det vil vera kioskar med sal av mat, og grilling på gang heile tida.

– Publikum er velkomne til å koma og sjå på arrangementet. Barn har det gøy saman og får spela kampar mot lag dei vanlegvis ikkje møter, helsar Mariboe.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.