annonse

Rubbestadnes-tap mot Ølen

* Fotball: Rubbestadnes-herrane spelte torsdag i førre veke bortekamp mot Ølen på SR Bank stadion. Det stod 0–0 til tre minutt før pause. Då sette Sverre Ramsfjell inn 1–0 for vertane. Christian Urheim Innvær utlikna for Rubbestadnes etter 52 minutt, men berre to minutt etter fekk Ølen straffespark. Det sette Rune Torstenbø i nota til 2–1. Om lag ti minutt før full tid avgjorde Sverre Ramsfjell kampen då han skåra 3-1-målet til Ølen. Rubbestadnes ligg på femteplass på tabellen med 15 poeng. Det er veldig tett og spennande i kampen om å unngå kvalikplassen i denne femtedivisjonsavdelinga. Berre eitt poeng skil Rubbestadnes og Leirvik BK som ligg på den utsette sjuandeplassen. Neste kamp for Rubbestadnes, mot nettopp Leirvik BK, blir difor svært viktig. Rubbestadnes har heimefordel. Kampen blir spelt torsdag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.