annonse

Stupeshow og bassengopning i symjehallen

Flinke til å stupe
Flinke til å stupe: Dei fire unge bømlingane som kasta seg ut frå stupetårnet fredag ettermiddag synte at dei har godt tak på stupinga (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Stupeshow
Stupeshow: På sundag blir det høve til å sjå flotte stup av representantar frå Bergen Stupeklubb (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Skal i bassenget
Skal i bassenget: Ole Andras Undheim (13) og Fredrik Andreas Leversund (13) (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Det blir stupeshow, ungdomsdiskotek, hinderløype og feiring tre dagar til ende når Bømlo kommune ønskjer velkommen til opning av nye Bømlo symjehall.

Håvard Hammarstrøm

Det går fram av programmet som vart offentleggjort denne veka. Ordførar Odd Harald Hovland står for den offisielle opninga av symjehallen fredag ettermiddag. Deretter blir publikum invitert ut i bassenget der det skal vera laga til hinderløype. Seinare på kvelden blir det kombinert ungdomsdiskotek, bading og hinderløypekonkurranse for elevar som går på ungdomsskule og vidaregåande skule.

Stupeshow og dødsing

Laurdagen held symjehallen ope i seks timar. Då blir det lagt opp til offentleg bading med hinderløype, og Bømlo symjeklubb stiller med stand. Det mest spektakulære denne helga blir nok likevel avslutninga av festhelga på sundag. Då kjem nemleg representantar frå Bergen Stupeklubb for å halde show for publikum. Etter showet blir det lagt opp til workshop i stup, dødsing og krål med trenarar frå Bergen Stupeklubb og Bømlo symjeklubb.

– Det blir hinderløype i heile lengda av bassenget. Det har me tru på at blir ein suksess, og stupeshowet blir sjølvsagt eit trekkplaster. Mellom dei som kjem er Julie Synnøve Thorsen. Ho er ti gongar juniornoregsmeister i stup, fem gongar seniornoregsmeister, to gongar nordisk juniormeister og har ein tredjeplass i EM for junior. Det er kjempeflott at dei blir med oss. Det blir kjempespennande, seier leiar i Bømlo symjehall, Elin Steinsbø.

Kjekt å symje

Som Bømlo-nytt fortalde nyleg har Bømlo symjehall vore ein stor suksess. Sidan hallen opna dørene har godt over 4.000 personar vore i bassenga. Symjeanlegget er på 2.000 kvadratmeter og har eitt standard konkurransebasseng på 25 meter med seks banar og stupetårn. I tillegg er det bygd eit 15 meter langt opplæringsbasseng. Sist laurdag var Runar Steinsbø Fylkesnes, Heine Larsen, Daniel Jørs og Halvard Laurhammer i aksjon med stuping frå tre meter, fem meter og frå stupebrettet i symjehallen. Utanfor stod mellom andre Ole Ersland Undheim (13) og jamgamle Fredrik Andreas Leversund i kø for å komme inn i hallen. Ole fortel at han har vore her på stupetrening før, men dette er første gongen på familiebading. Fredrik Andreas fortel at han no går i symjehallen fleire gongar i veka.

– Eg tykkjer hallen er blitt veldig bra, seier Ola.

– Eg og. Eg tykkjer det er veldig kjekt, og eg tykkjer hallen kom på rett tidspunkt. Me balar og triksar og stupar. Eg skal byrje på stuping og Ole går på stuping frå før, seier Fredrik Andreas.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.