annonse

Temporitt tysdag kveld

Sykkelritt
Sykkelritt: Arkivbiletet frå 2017 syner Frode Sæverud (lengst til venstre) og Kjersti Kvarme (begge Bømlo SK) klare til temporitt på Bømlo. På biletet ser me også rittleiar Per Normann Grindheim (med oransje vest) og startar John Even Alfsvåg (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Bilistar og andre trafikantar som køyrer mellom Siggjarvåg og Svortland tysdag kveld kan vera merksame på at det går føre seg sykkelritt.

Håvard Hammarstrøm

Det er Bømlo Sykkelklubb som har planar om temporitt. Start og mål er i Siggjarvåg, og det blir sykla på nyevegen til rundkøyringa ved Kuben og tilbake. Løypa for dei som deltek i rittet er på 17,5 kilometer. Dette er ei løype bygd for fart, skriv klubben på eigne nettsider. Bilistar bør difor køyre på denne strekninga med ekstra varsemd frå i 18-tida tysdag kveld.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.