annonse

Tom Erling Kårbø offisielt teken ut på VM-laget

Då er det komme svart på kvitt
Offisielt: Tom Erling Kårbø frå Bømlo, som representerer Stord IL, skal springa 3000m hinder for Noreg under VM i Doha. Arkiv (Foto: Laila Himle)

Så har me fått det svart på kvitt: Bømlo og Sunnhordland har fått den første VM-deltakaren i friidrett noko sinne: Tom Erling Kårbø (30).

Randi Olsen

– Me har teke ut dei utøvarane som har klart vårt og IAAF sitt krav, skriv toppidrettssjef Erlend Slokvik i ei pressemelding.

Tom Erling Kårbø er ein av 13 mannlege og seks kvinnelege utøvarar som skal reise til Doha i Qatar i slutten av september. Han er den einaste norske utøvaren som skal delta på 3000m hinder. Det er eit sterkt lag som reiser til VM, der Karsten Warholm, brørne Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen er blant dei det er høgast forventingar til.

Tom Erling Kårbø greidde VM-kravet i siste liten, takk vera Gjert Ingebrigtsen ifølgje Kårbø sjølv.

– Det store målet denne sesongen har vore å kvalifisera meg til VM. Eg har vore nærme fleire gonger og har følt at eg har vore god nok, sa Tom Erling til NRK.

Han har tidlegare hatt mykje fellesskap og trening saman med brørne Ingebrigtsen, i USA og i Sør-Afrika. Mellom anna har han undervist yngstebror Jakob når dei har lege på høgdeopphald eller vore på andre treningssamlingar. Kårbø reiste difor til St. Moritz i Sveits der Ingebrigtsen-teamet var, for å gjera siste forsøk på å greia VM-kravet. Han fekk uventa hjelp frå pappa Ingebrigtsen.

– Då han dukka opp her åleine utan å ha VM-kravet i lomma, var det naturleg at eg hjelpte han, seier Gjert Ingebrigtsen til NRK.

– Eg hadde tru på han og fekk han til å lova å greia kravet dersom eg skulle gidde å bruke tid på å hjelpe han, fortel Ingebrigtsen vidare. Og den metoden verka tydelegvis.

No er Kårbø og Ingebrigtsen-teamet i St. Moritz for å førebu seg til VM. Om det vert meir hjelp frå den profilerte friidrettstrenaren står att å sjå. Han har tre eigne medaljehåp å tenkje på.

Kårbø er ifølgje NRK fornøgd dersom han greier å kvalifisera seg til finalen.

– Det er berre stort å få delta, seier han til slutt til NRK.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.