annonse

Torbjørn har vore ei av dei største overraskingane

GOD
GOD: Torbjørn Kallevåg har ifølgje fotballekspertane vore ei av dei største positive overraskingane i eliteserien. Arkiv (Foto: Knut Erlend Jegersen)

Fotballekspertane er einige om at Torbjørn Kallevåg har vore ei av dei største positive overraskingane i årets eliteserie i fotball. Svortlands-guten har etablert seg i FK Haugesunds førsteellevar.

Det trass i at han kom frå 2. divisjon. Det har blitt meir og meir sjeldan at gutar som kjem frå nivå tre klarar å etablere seg på eit eliteserielag den første sesongen.

Torbjørn var i fjor, etter mange si meining, den aller beste spelaren i 2. divisjon. Bømlingen raska med seg det som var av prisar i Hødd. Det gode spelet han presterte for Ulsteinvik-klubben førte til at det var fleire som fekk opp auga. Kallevåg valde å skrive ein treårsavtale med FK Haugesund.

– Eg har på ingen måte angra på det valet. Eg var innstilt på at eg måtte bruke tid på å etablere meg i førsteellevaren. Trenaren fortalde meg i vinter at eg på det tidspunktet var eit godt stykke unna laget. Likeins at det var viktig for meg å vere tolmodig. Men eg føler eg har tatt dei mulighetene eg har fått. Det var nok ikkje mange som såg for seg at eg skulle få starte 13 kampar før sommarferien då eg signerte overgangspapira, seier Kallevåg til Bømlo-nytt.

Tilbake på treningsfeltet

Han er tilbake på treningsfeltet etter ein kort fotballferie. Det vart berre ti dagars pause frå fellestreningane på han og lagkameratane denne gangen.

Torbjørn reiste til Gran Canaria for å få kjensla av å ha ferie. Sjølv om det vart både joggeturar og litt styrkjetrening under opphaldet på den spanske solkysten. 24-åringen legg ikkje skjul på at det sportsleg sett har gått over all forventning både for han og laget. Det har blitt fleire poeng enn forventa.

– Det er kjekt at me har gjort det så bra og er i posisjon til å kjempe om noko. Det gjer haustsesongen ekstra interessant. Me klarar forhåpentlegvis å sanke så mange poeng at me kan vere med i medaljestriden heilt inn, seier Torbjørn som har scora to seriemål og har like mange poeng. Den tidlegare Bremnes-spelaren er meir opptatt av at laget vinn enn kven som scorar måla. Men som angrepsspelar har han lyst til å skape sjansar, og ikkje minst score.

Håpar på fleire nettkjenningar

– Kor mange gonger håpar du å finne vegen til nettmaskene i haust?

– Det er som sagt ikkje så viktig kven som scorar. Men eg har ein personleg ambisjon om at eg skal ende opp med fem scoringar og like mange målgjevande dersom eg held meg skadefri og får like mykje tillit framover som eg har gjort fram til no. Det handlar om å prestere både i trening og kampkvardagen ettersom det er mange som har lyst til å spele, seier Kallevåg.

Han har brukt dette halvåret til å spele seg inn i FK Haugesund-supporterane sine hjarte. Torbjørn har, som Joakim Våge Nilsen, blitt ein populær spelar på Haugesund stadion. Begge meiner klubben i år har mogelegheit til å sikre seg medalje. Sjølv om det inneber at dei må hamne før Brann, Rosenborg og Molde på tabellen. Det er ingen umulighet sjølv om det er dei tre som ligg best an på tabellen i augneblinken. Kallevåg meiner det er fullt mogeleg å hamle opp med tre av klubbene som har det største budsjettet og mest økonomiske musklar.

– Kva betyr det for din eigen motivasjon at du har gjort det så bra i år, Torbjørn?

– Det er naturlegvis veldig inspirerande at eg har hatt ei så fin utviklingskurve som eg har hatt dei to siste åra. Eg var som sagt førebudd på at eg måtte bruke lengre tid på å tilpasse meg eliteserienivået. No har eg ambisjonar om å ta nye steg. Framleis har eg mykje å hente på dei fleste område, seier Kallevåg som har lyst til å bli så god at han i større grad er med og pregar FK Haugesund sine kampar. Sjølv om han i sine beste stunder også har gjort det i år.

Av Svein Halvor Moe

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.