annonse

Våge Nilsen blir FKH-spelar igjen

VENDE SEG VESTOVER
VENDE SEG VESTOVER: Joakim Våge Nilsen, her i gulsvart som tidlegare BIL-spelar i ein oppvisingskamp mot FK Haugesund på Olvondo hausten 2015, ser fram til å kle seg i klubbfargane til haugesundsklubben igjen. ARKIV (Foto: NILS-TORE SELE)

Torsdag vart det klart at Joakim Våge Nilsen vender tilbake til FK Haugesund.

Nils-Tore Sele

Torsdag kveld vart Joakim Våge Nilsen og Babajide David Akintola presentert som nye spelarar i stallen til FK Haugesund. Det skjedde under eit sponsortreff for klubben, og mottakinga Joakim Våge Nilsen fekk, var verkeleg god.

– Etter at det vart kjent, har mange sagt til meg at det er kjekt at eg er tilbake i Haugesund. Slikt er fint å høyra, fortel 26-åringen.

Spelar sentralt

Babajide David Akintola kjem på utlån til haugesundsklubben frå danske FC Midtjylland i 2018-sesongen. Ifølgje h-avis.no er Akintola ein 22 år gammal kantspelar som også kan brukast som spiss. I fjor var han på utlån til obosligaklubben Jerv på Sørlandet. Der noterte han seg for ni nettkjenningar.

Bømlingen Joakim Våge Nilsen er tiltenkt ei rolle sentralt på midtbanen.

– Det er i alle fall det som er utgangspunktet. Det ønskjer eg meg sjølv også, men det er ikkje alltid godt å seia kva som skjer. Uansett så er det Eirik (Horneland, red.merk) som er sjefen, seier Joakim Våge Nilsen.

Såg både aust og vest

Heilt fram til det siste var det uavklart kvar Joakim Våge Nilsen ville hamna hen, etter at han i haust sa nei til vidare spel for Odd der han har vore dei siste to sesongane.

– Det stod mellom Odd og FK Haugesund heilt fram til torsdag. Då det konkrete tilbodet kom frå FK Haugesund, så var det ikkje vanskeleg å bli einige, seier bømlingen, som er 100 prosent motivert for spel i Haugesund.

– Då eg reiste for to år sidan, så var det meininga at eg ein gong skulle tilbake til denne klubben. Eg hadde likevel ikkje trudd at det berre skulle gå to år før eg var tilbake igjen, seier spelaren som har underteikna ein kontrakt som varer ut 2019 med FK Haugesund.

Før kontrakten vart underskriven denne veka, så hadde Joakim Våge Nilsen i fleire veker trent saman med spelarane i gamleklubben.

To på laget

– Korleis ser miksen ut i laget?

– Det er ein god miks av unge, talentfulle spelarar pluss ein del eldre, som Christian Grindheim. Det er eit godt lag, men det er for tidleg å seia enno kor langt opp på tabellen dette vil gå. Eg veit ikkje om klubben har hatt møte med spelarane der dei har sett seg slike mål. For min eigen del så er eg frisk, klar og skadefri. Eg har hatt to fine år i Odd, fått med meg ein bronse og sjetteplass frå serien. Det viktigaste for meg er kanskje at opphaldet i Telemark gjorde meg skadefri. Eg hadde slite lenge med skadar før eg reiste frå Haugesund. No gler eg meg berre til å komma skikkeleg i gang med sesongen, seier Joakim Våge Nilsen.

Han ser også fram til å spela saman med Torbjørn Kallevåg.

– Eg har ikkje spelt på lag saman med han før, så det blir spennande. Me har vore to bømlingar på dette laget før, og blir det no også. Det høyrer nesten med det at me er to bømlingar på laget til FK Haugesund, seier ein glad Joakim Våge Nilsen.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.