annonse

Vil etablere snooker-miljø på Bømlo

Bømlingar i NM
Bømlingar i NM: Tore Vespestad (til venstre) og Kåre Valde deltok begge i noregsmeisterskapen i snooker då Stord Snookerklubb var vertskap. – Om me er 40 som speler her å Stord burde me klare i alle fall 20 på Bømlo, seier Vespestad med eit smil (Alle (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Gratulerer
Gratulerer: Kåre Valde (til høgre) møtte ein av førehandsfavorittane i innleiande runde, Audun Risan Heimsjø i Trondheim Snooker. (Foto: )
Fantastisk helg
Fantastisk helg: For alle som er glade i snooker har det vore ei fantastisk langhelg med heile noregseliten på plass i Sagvåg. (Foto: )

Bømlingane i Stord Snookerklubb håper å etablere ei underavdeling av klubben på Bømlo,- med eige snookerbord.

Håvard Hammarstrøm

Det stadfester Kåre Valde og Tore Vespestad overfor Bømlo-nytt. Stord Snookerklubb kjøpte inn to ekstra bord før noregsmeisterskapen i helga. Eitt av desse borda kan hamna på Bømlo.

Ber interesserte ta kontakt

Det er likevel fleire viktige brikker som må falle på plass før snookerbordet står på Bømlo. Ikkje minst er ein avhengig av eit høveleg lokale der husleigeutgiftene er levelege. Valde seier til Bømlo-nytt at det blir jobba med dette no. I tillegg er ein avhengig av at interessa på Bømlo er såpass god at ein kan forsvare å flytte eitt av åtte bord til nabokommunen.

– Me håper dei som er interesserte tek kontakt med meg eller Kåre, seier Vespestad.

– Det var eit veldig bra biljardmiljø på Bømlo for 20–25 år sidan. Eg håper me kan få nokre av dei som spelte då tilbake, og også yngre inn i snookermiljøet, seier Valde. I beste fall kan ei underavdeling vera på plass i slutten av august eller byrjinga av september.

– Får me det til er det heilt topp! Det blir lettare for oss bømlingar med meir mengdetrening når me ikkje er avhengige av å køyre til Sagvåg.

Nøgde med NM-innsatsen

Sjølv om det ikkje vart avansement til sluttspelet er dei to nøgde med eigen innsats i NM. Vespestad seier han mest vart med «på kjøt og flesk», men det var kjekt å delta. Dette er hans andre NM. For nokre år sidan var han med i NM for lag.

Kåre Valde var med i sitt første NM. Han vann første kamp 3–1 mot Arve Hatlevik, deretter tap 3–0 mot Morten Veland, før han spelte ein thriller av ein kamp mot klubbkamerat og skotte Douglas McGaw. Bømlingen tapte knapt 3–2. Til slutt vart det som venta 3-0-tap mot sterke Audun Risan Heimsjø.

– Eg er nøgd, men eg skal vedgå at tapet mot Douglas var surt. Det var nære på. Me kjempa om den svarte kula til slutt.

– Fristar dette til gjentaking?

– Absolutt. Eg byrja jo i fjor. Eg føler eg har fått med meg mykje på kort tid. Det har gått over all forventing. Før NM låg eg på 23.-plass på den nasjonale rankinglista. Eg er nok eit godt stykke lenger bak no, seier Valde med eit smil.

SJÅ RESULTATLISTE FRÅ NM HER

Nøgde NM-arrangørar

– Det arrangementsmessige har gått veldig bra. Det er kjekt at publikum har følgt kampane frå den nye tribunen. Det har vore enormt med dugnadsarbeid. Etter NM blir det evaluering. Kåre var ganske sliten etter 3–4 timar kamp mot Douglas. Eitt av borda kan enda på Bømlo. Eg jobbar der, så eg kjem gjerne til å spele der sjølv også, om me får det til. Eg håper uansett at fleire bømlingar vil bli med og spele snooker, seier Tommy Kvarsvik i Stord Snookerklubb.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.