Bømlo-Nytt

Sport

Vil ha fleire med på stjernelaget

Vil ha fleire med på stjernelaget

Når det gjeld idrettsglede skal det noko til å matcha det ein opplever frå stjernelaget.

– Berre kom og sjå dei i aksjon på Sentralidrettsanlegget søndag, så vil de forstå, seier Svein Fylkesnes.

Dei er ferske som lag, og hentar spelarar frå både Bømlo og Stord. Her er det godt samspel på tvers av kommunegrenser, og Fitjar er også inviterte med. På stjernelaget (det store biletet) ser me f.v. Martina M. Storesund,Brita Havnerås - trenar, Mari Almås Saue, Håkon Utne Nesse, Silje Taipale, Svein Fylkesnes - trenar, Sondre Mjånes Fylkesnes, Øyvind Hansen - trenar og Daniel Hovland. Anders Hystad Kyvik, Tørres Haugan Myklebust, Pernille Johansen, Kristoffer Ingvaldsen og Kasper Grindheim er også med på Stjernelaget.

Lars Mæland - Dirigent Sondre viser kor han vil ha laget sitt

Dirigent: Sondre viser kor han vil ha laget sittFoto: Lars Mæland

– Sondre har hatt litt vondt i foten, og eg var usikker på om me skulle ta turen på treninga i dag. Men eg fekk kjapt svar tilbake, han både ville og skulle på trening. Då var det berre å ta turen over bruene og møta denne ivrige gjengen her, seier pappa Svein. Han er med både som forelder og trenar for dei 11 som så langt er med på fellestreningane til Stjernelaget i regi av IL Solid. Tre av spelarane er frå Bømlo. Dei får gleda av å spela på heimebane i Rema 1000-cup søndag.

Lars Mæland - High five Stolt etter skåring

High five: Stolt etter skåringFoto: Lars Mæland

Hektisk cuphelg

– Det blir stas. Me kontakta Bremnes IL og spurde om dei kunne finna plass til to kampar i den travle cuphelga som står for tur. Det var positiv respons med ein gong, så dette gler me oss til både spelarar og alle som er med og støttar opp om dette tiltaket. Me deler gruppa i to lag, som spelar mot kvarande i 3-arfotball. Dei har vore med på kampar ein gong før, då på Solid sin Eat-Move-Sleep cup. Eg har vore med på mange cupar, men det eg fekk sjå då av rein idrettsglede er noko av det kjekkaste eg har vore med på. Det hadde vore fint om mange kom og såg kampane deira søndag føremiddag, dei skal spela både klokka 10.00 og 11.00, seier Svein Fylkesnes.

Lars Mæland - Is må til Sondre Mjånes Fylkesnes og Grethe Fadnes i Solid slappar av med ein is mellom slaga

Is må til: Sondre Mjånes Fylkesnes og Grethe Fadnes i Solid slappar av med ein is mellom slagaFoto: Lars Mæland

Sondre som snart blir 13 stiller på trening i raud Liverpool-drakt med M. Salah på ryggen. Ingen tvil om kva som er favorittlag og favorittspelar. Etter fotballtreninga går turen rett til skytebanen på Gilje. Om han ikkje skyt blink på alle skotforsøka på fotballbanen, blir det garantert blink på skytebanen.

Når me prøver finna ut om Sondre synest fotball eller skyting er kjekkast, er det tydeleg at det ikkje var så godt spørsmål. Det kjem kjapt eit nikk og smil tilbake når spørsmålet er om det er like triveleg.

Lars Mæland - Her dei to bømlingane den kvelden Sondre og pappa Svein Fylkesnes

PÅ trening: Sondre og pappa Svein FylkesnesFoto: Lars Mæland

Ball i dusjen

– Måndagane er rimeleg hektiske, men så lenge han har det så kjekt, er det berre kos å vera med på dette. Me hadde aldri tenkt at han kunne spela fotball, men då me såg tilbodet om dette i avisa fekk me lyst til å prøva. Trudde i grunnen ikkje at han ville trivast særleg med fotballen, men han både kan og kosar seg med dette. Etter første treninga med gjengen, det var i februar dette året, tok han med seg ballen heim og vaska han rein i dusjen. Det er dei som meiner det kostar for mykje både tid og pengar å ta turen, men det er det sanneleg verdt når ein ser kva tilbod dei får på Nysæter idrettsplass. Det går an å dela på kjøringa, og eg ser gjerne at fleire bømlingar grip sjansen og blir med. Kan ikkje anna enn å skryta over IL Solid, dei har levert varene frå dag ein og lagar eit kjempeflott opplegg for desse spelarane, skryt Svein Fylkesnes.

Tankane om å leggja til rette for eit lag med spelarar med spesielle behov, kom etter årsavslutninga i fotballgruppa i IL Solid. Der fekk alle dei unge premiar, men ei mor hadde med seg ei funksjonshemma jente som sa at ho gjerne skulle ha ein premie for fotballinnsatsen ho også, men at det nok aldri kom til å skje.

– Ei stor stund

– Slik kan me ikkje ha det, tenkte eg der og då. Me må få til eit tilbod også for dei som treng ekstra tilrettelegging, fekk støtte for dette i styret og god hjelp frå Hordaland fotballkrets der Tove Iren Vindenes er tilsett med ansvar for desse laga. Det var ei stor stund for både spelarar og oss i Solid då me kunne invitera til første trening i slutten av februar. Kretsen bidrog med sitt, heile gjengen har fått det som skal til av utstyr. Med både drakter, eigne fotballar og anna. Sparebanken Vest støtta opp med 40.000 kroner, og har gjort sitt til at Stjernelaget stiller på lik line med alle andre når det gjeld utstyr. Det er viktig for lagkjensla at dei har felles uniformering, det er viktig å visa at dei tilhøyrer ei gruppe, seier Grethe Fadnes, mangeårig drivkraft i IL Solid.

– Inkludering er viktig for Solid, dette er verdiarbeid i praksis, legg Fadnes til.

Syng for jubilanten

Det er oppvarming, øving på pasningar og spel mot to mål. Alt som høyrer med på ei god treningsøkt. Men det er også pause, denne solvarme kvelden som byr på noko spesielt. Brita Havnerås jobbar til vanleg med dei som treng ekstra tilrettelegging ved Stord ungdomsskule, men er også engasjert med det nye fotballaget i regi av Solid. I dag har ho bursdag, og gjengen syng bursdagssongen før det blir både is og frukt på både spelarar og støtteapparat.

– Det er utruleg givande å vera med på dette, og me ønskjer fleire velkomne. Det er eit tilbod for alle aldersgrupper, og eg trur langt fleire enn dei som er med ville trivast med dette. Du ser vel kor kjekt me har det i lag, smiler dagens jubilant.