Bilberging tok to timar
På grunn av bilberging var Bømlafjordtunnelen stengt, og lange køar hopa seg opp på begge sider.
Linda Djuvik stod i kø på Heiane og sende oss denne filmen som viser at sjølv om trafikken står, så kjem ambulansen fram.
I dag tidleg klokka 09:12 vart det meldt om røyk i Bømlafjordtunnelen, og naudetatane rykka ut.
Det viste seg å vera ein lastebil i botnen av tunnelen som hadde oljelekkasje på varmeelement. Det førte til røykutvikling, men ingen pusta denne farlege røyken inn.
I ein periode var tunnelen open med skilting og redusert fart, og klokka 12:07 melde vegvesenet at tunnelen vart stengd på grunn av bilberging.
Bilberginga varte i nær to timar. Bømlafjordtunnelen opna igjen klokka 13:57.