Opna for trafikk: Bømlafjordtunnelen er no open for trafikk igjen. Foto: Håvard Hammarstrøm

Bømlafjordtunnelen er open for trafikk igjen

Bømlafjordtunnelen har vore kortvarig stengt grunna bilberging, men er no opna igjen for normal trafikk.

Også denne gongen var det snakk om bilberging. Ifølgje Statens vegvesen var bilbergar på plass i tunnelen, slik at det var håp om at stenginga kunne vera av kortvarig karakter. Klokka 13:37 måndag ettermiddag melde Statens vegvesen at vegen var rydda og at tunnelen igjen er open for trafikk. Dette var den tredje stenginga på like mange dagar grunna bilberging.

Les også
Har vore stengt 10 timar og 44 minutt