Open for trafikk: Bømlafjordtunnelen er igjen open for normal trafikk etter bilberging tidlegare i kveld. Foto: Håvard Hammarstrøm

Bømlafjordtunnelen er open igjen

Vegtrafikksentralen melde like etter klokka 22 tysdag kveld at Bømlafjordtunnelen vart stengt for trafikk. Tunnelen er no open igjen.

Årsaka til tunnelstenginga skal vera bilberging.

– Ein bil har fått motorstopp. Bergingsbil er på staden og får denne ut. Tunnelen er stengt i begge retningar, opplyser Sør-vest politidistrikt på Twitter like før klokka 2230. Eit kvarters tid seinare var bilen fjerna og tunnelen vart igjen opna for trafikk.

Les også
Ferjesambandet er stengt