Bømlafjordtunnelen er no open igjen: Ein bil med motorstopp vart ståande inne i tunnelen. No er bilen fjerna og tunnelen er igjen opna for trafikk. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

Bømlafjordtunnelen er open igjen

Politiet og vegtrafikksentralen melde like før klokka 16 laurdag at Bømlafjordtunnelen var stengt. Årsaka var at det stod ein bil inne i tunnelen med naudblinken på. Tunnelen skal no vera open igjen etter bilberging.

– Bilen står i nordgåande løp på veg mot Stord. Det er ein del trafikk i området. Politiet er på veg, stod det å lesa i meldinga frå Sør-Vest politidistrikt på Twitter. Vegtrafikksentralen Vest melde om lag klokka 1615 at tunnelen var open igjen etter bilberging.