Tunneltrøbbel: Nokre minutt over klokka 10 var det framleis store trafikale problem rundt Bømlafjordtunnelen. Foto: Lesarfoto

Normal trafikk igjen etter bilstans i Bømlafjordtunnelen

Bømlafjordtunnelen har nok ein gong vore stengt grunna bilberging. Tunnelen skal vere open igjen, og litt over klokka 1030 skal køane byrje løyse seg opp.

Vegtrafikksentralen vest melde om tunnelstenginga på Twitter. Det var håp om at tunnelen kunne opne raskt då bilbergar var på staden. Vegtrafikksentralen melde klokka 0930 at tunnelen då var open igjen for trafikk. Nokre minutt over klokka 10 fortalde ein lesar til oss at ho likevel stod fast i kø på Stord-sida. Det tyda på trafikale utfordringar i området. Køen på Stord-sida skal ha strekt seg heilt til Heiane. Etter det me får oppyst av ein lesar på staden skal det like før klokka 1030 vere rørsle i trafikken også på Stord-sida, og nokre minutt seinare skal køane ha byrja løyse seg opp.