Ulukke i Sveio: E39 er nett no stengt i Sveio. Illustrasjonsfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Mistanke om promillekøyring

Europaveg E39 er no open igjen etter eit trafikuhell ved Geitåsen i Sveio tidlegare i ettermiddag.

Det melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter. Det skal ha vore ein bil som har køyrt ut av vegen og truffe nokre store steinar. Bilbergar vart tilkalla, og europavegen vart først heilt stengt. Deretter var det manuell dirigering på staden. I 1530-tida skal vegen igjen ha vore ope for vanleg trafikk.

– Førar, mann i midten av 20-åra, blir køyrt til lege for sjekk. Han er mistenkt for å køyre i ruspåverka tilstand, og det vil bli teke blodprøve av han, opplyser politiet.